Tekst: Bjarte Øvrebø og Jostein Aardal

Per Anders Buen Garnås vann føre unge Sindre Tronrud (22) og Ottar Kåsa. Med tre napp fekk han dermed med seg vandrepremien i hardingfele A til odel og eige -- ei blomstervase i sølv gitt av Stiftelsen Norsk Kulturarv.

Bøheringen kopierte bragda frå Landskappleiken på Lom i fjor. Men han trudde ikkje på noko reprise i år, fekk publikum i ein fullsett Gol idrettshall høyre under Meisterkonserten søndag då resultatet frå finalen laurdag kveld var kunngjort.

Per Anders Buen Garnås toppa hardingfele kl. A og fekk med seg vandrepremien etter tre napp. Foto: Jostein Aardal

- Eg hadde pakka ned fela, for eg rekna ikkje med å spele her. Mendet må vel bli noko, sa Per Anders Buen Garnås som kvitterte meisterleg med slåtten «Tullar-Margit» etter Svein Løndal.

Per  Andres Buen Garnås, Sindre Tronrud og Ottar Kåsa vart plukka ut til finalespel, men dei fekk ikkje med seg poenga frå «kvalifiseringa», så dei stilte likt.

Sindre Tronrud hausta stor applaus frå ein fullsett idrettshall, og den unge spelemannen vart honorert med andreplass. Foto: Jostein Aardal

Hardingfele klasse A vart ei fantastisk konsert med ekstraordinert godt spel frå brorparten av deltakarane. Det opplevast nesten urimeleg å måtte rangere slikt spel. Men det er ein del av leiken og dommarane, Øyvind Brabant, Silje Solberg og Arne Øygarden blei i alle fall einige om ei endeleg liste.
Anders Buen Garnås demonstrerte at finstemming, ja det gjer ein på stemmerommet. Berre ein liten klunk over strengene og så rett på oppgåva: Å gje publikum ei god  og engasjerande musikkoppleving utan unødigt opphald.

Tru og tvil

Ottar Kåsa hadde eitt napp frå før i vandrepremien. Med tredjeplass må han satse på den neste vandrepremien. Foto: Jostein Aardal

Å vere publikum til klasse A- tevlinga har mange bi-aktivitetar.  I tillegg til å nyte spelet, leitar ein etter favoritten, merkar seg namn og slått og har heilt klart for seg kven som har spelt best I alle fall tidleg i klassen. Geografi og kameratskap spelar sjølvsagt tungt inn. Om ein kjenner ein som kjenner musikaren, blir det gjerne ekstra ekstra applaus og plusspoeng i margen.

«Best til no», «litt vel andektig», «spenstig og god framdrift», «fantastisk». Superlativa og dei små minusfaktorane er mange, og det blir framimot umogeleg å bestemme seg for kva som tel mest.  Og på slutten av klassen er ein knapt einig med seg sjølv om noko ting. Men slikt spreier ein ikkje vidare.

Denne klassen hadde 19 startande, og det er ikkje heilt feil å hevde at halvparten godt kunne blitt henta opp til finalespel. Men vi slapp plukke ut dei tre som skulle i omspel om topp-plassen, og godt er det. Enklare å synse utan konsekvens. På det området er publikum suverene.

Spelte til dansarar

Kan det dansast til tevlinga i spel? Det står det ingen ting om dette i reglementet. Og det blei ein dans i hardingfele A i år. Lars Erik Skjøtskift Øygarden spelte gangaren Tussen i Vetahaug etter Høye Kvåle på tradisjonelt vis, og det på kappleikens eldste hardingfele laga av Eirik Jonson Helland 1851.

Men då Steinkjønndalfela vart henta ut or feleskrinet i lag med ein barokkboge, då vinka spelemannen også Malin Røysland Skårberg og Torjus Bakken inn på scena. Med springaren Svartetufsen fekk  Øygarden skikkeleg fart på dansarane, til stor jubel frå salen.

Lars Erik Skjøtskift Øygarden vinka Malin Røysland Skårberg og Torjus Bakken inn på scena og dei dansa til springaren Svartetufsen. Foto: Jostein Aardal

Men applausen var ikkje stor kraftig frå dommarane Øyvind Brabant og Silje Solberg.
Øygarden fekk 14. plass av 19 deltakarar i hardingfele kl. A. Dommar Arne Øygarden gjekk frå som ugild då sonen spelte.

«Alle» representert

Dei fleste sterke hardingfeleområda/tradisjonane var representerte blant dei ti første på resultatlista: 

1. Per Anders Buen Garnås, Spelemannslaget Bøheringen (Telemark), 2. Sindre Tronrud, Vårflaumen Spel- og dansarlag (Valdres), 3. Ottar Kåsa, Falkeriset Folkemusikklag (Teklemark), 4. Helga Myhr, Ål spel- og dansarlag (Hallingdal), 4. Jan Beitohaugen Granli, Øystre Slidre Spel- og dansarlag (Valdres), 5. Alexander Aga Røynstrand, Hardanger Spelemannslag, 7. Gro Marie Svidal, Indre Sunnfjord Spelemannslag 8. Lars Ingar Meyer Fjeld, Spelemannslaget Vårlengt (Telemark) 8. Åsmund Fauske Jøtun, Gol spel- og dansarlag, 10. Erlend Apneseth, Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Vinnarar 2010-2024

Her er vinnararane av hardingfele klasse A frå 2010 til 2024 (Landskappleiken avlyst i 2020 og 2021 på grunn av covid):
2010 Voss: Per Anders Buen Garnås
2011 Seljord: Ottar Kåsa
2012 Otta: Ottar Kåsa
2013 Røros: Per Anders Buen Garnås
2014 Geilo: Gro Marie Svidal
2015 Fagernes: Ottar Kåsa
2016 Vågå: Ottar Kåsa
2017 Røros: Jan Beitohaugen Granli
2018 Trysil: Per Anders Buen Garnås
2019 Vågå: Per Anders Buen Garnås
2022 Rjukan: Alexander Aga Røynstrand
2023 Lom: Per Anders Buen Garnås 
2024 Gol: Per Anders Buen Garnås