Tekst og foto: Sunniva Langås-Røiland.

Laurdag strøymde folk til Riksscenen for å oppleve distriktskappleik for vanleg fele for fyrste gong sidan 2004. Det er laga Østerdølenes, Gudbrandsdølenes, OsloFolk og Unge folkemusikarar i Oslo (UFO) som har gått saman for å få kappleiken opp igjen, og klokka elleve ønskte dei velkomen.

Aslak Opsahl Brimi fortalde at dei har valt å setje i gong kappleiken fyrst og fremst for å gje unge utøvarar ein arena.

Sjå resultatlista frå kappleiken her.

Deltakarane imponerte

Minst 205 deltakarar fordelt på 61 startnummer synte at det gror godt i flatfele-distrikta, og publikum blei stadig imponert. Då Iselin Anna Aukrust gjekk av scena vart det til dømes kommentert i salen.

– Det er bra spel oppi der. – Ja, veldig bra. 

Iselin Aukrust frå Lom var blant dei unge felespelarane som markerte seg under Distriktskappleiken. 

I tillegg til fele, var det song, dans, durspel, munnharpe og klarinett på kappleiken.

Ein av juniorane, Rein Tangeland Bratland, fekk stor applaus.

– Du verda som det spirer og gror i durspelmiljøet, kommenterte programleiar Aleksander Breiby Herseth etterpå. 

Etter kappleiken var det premieutdeling og dansefest med to dansegolv og god stemning i kjellaren. Blant dei som spelte var Jutullaget, og arrangørane sjølve – både Gudbrandsdølenes spelmannslag og Østerdølenes spellmannslag stilte opp.

Østerdølenes spellmannslag var saman med Gudbrandsdølenes spelmannslag initativtakar til å starte oppatt Distriktskappleiken.

Sjokoladekappleik, nam, nam!

I tillegg til vanleg kappleik, var det sjokoladekappleik i foajeen. UFO hadde ansvaret, og dei unge fekk skine i alle ledd – både på scena, som programleiarar og dommarar.

UFO opna sjølv kappleiken med Polka frå Shetland. Eit anna høgdepunkt var då 3 år gamle Vilde  spelte “Sjokoladekappleik, nam, nam” saman med faren sin. 

Ingeborg og Olava Nyhus Rensvik var blant dei uredde som stilte på Sjokoladekappleiken. Dei ti år gamle systrene fekk ros frå dommarane. 

– Det var ein fantastisk melodi og fine strøk, fekk Ingeborg høyre om framføringa av polsen Lucia Møllmann.

Olava fekk ros for at kvar tone var rein i valsen Fjellfiolen. 

– Bestefar har komponert valsen som eg har lært av mamma, fortalde Olava. 

Bestefar Sven Nyhus var ein stor spelemann, og mora Åshild Breie Nyhus, som også var dommar på kappleiken, er òg musikar. Det var difor ein sjølvfølge for jentene å spele fele. Dei er med i moras folkemusikkgruppa Slåttestjernene og spelar klassisk fiolin på Barrat due.

– Det er mindre nøye med boge, teknikk og ikkje vibrato i folkemusikken, forklarte Olava. Ingeborg var einig, og meinte det er lettare med folkemusikk. 

I tillegg til å spele, dansa dei med Barnelaget i Oslo på sjokoladekappleiken.

– Det er gøy å delta, sa Ingeborg. 

– Eg blir litt nervøs, men om eg ikkje ser på publikum går det fint, la Olava til. 

Juniorspelemannslaget UFO for barn i Oslo-regionen, var blant deltakarane under Sjokoladekappleiken. 

Stemning for gjentaking

Arrangørane var glade etter kappleiken. Det var godt med folk, så det blei nødvendig med eit ekstra dansegolv laurdag kveld. 

– Folk stilte velvillig opp med dansespel. For ein gjeng det er i dette miljøet!, skriv Lene Furuli, styreleiar for Oslofolk, dagen etter. 

Vidare fortel ho at kappleiken blei lang og variert. 

– I klassa spel fele senior var yngste deltakar 19 år og eldste 88. Det er veldig moro og rørande. 

Marius Westling kom på andreplass i fele senior, berre slått av Aslak Brimi. Resultat frå klassa finn ein her. 

Om publikum kan vende tilbake til ny distriktskappleik i 2026 er ikkje avgjort, men sjansane er gode. 

– Då me gjekk heim seint i natt var i alle fall stemninga blant fleire av arrangørane at dette vil me gjenta neste år!, avsluttar Furuli.