Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Nikolai Storevik oppgavleg frå Stryn, er busett i Oslo, men det blir mange turar over til fjellet til Vestlandet i løpet av eit år. Han er aktiv i bluegrassbandet Strengeplukk som i vinter skal på turné på Austlandet og Danmark. Dei har spelt inn plate hjå Hallibakken, og det blir singelslepp på Vestlandskappleiken i helga.

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag er han i 50% stilling, og det har han vore sidan januar 2022. Stillingsinstruksen har endra seg ein del sidan oppstarten i 2022. Det ein gong formidable Mokurset, som på sitt største måtte fordelast over to veker, er redusert til UngLåt på tre dagar, dermed må ein finne andre ting å gjere for å forsvare stillinga, meiner Storevik. 

– Korleis går det å kombinere jobben som dagleg leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag med å bu i Oslo?

– Det har gått fint stort sett, sjølv om det er nokon utfordringar i blant. Møta er stort sett digitale, men vi har to-tre fysiske styremøte i året, fortel Storevik.

Sjå Nikolai Storevik spela nordfjordspel på fylkeskappleiken i Førde i 2023. 

Ein ny vri på Vestlandskappleiken

– Korleis har førebuingane til Vestlandskappleiken vore?

- Dette er fyrste året at fylkeslaget har teke på seg arrangørrolla. Tidlegare har det vore slik at annakvart år har Hordaland folkemusikklag delegert kappleiken til eit lokallag i Hordaland og annankvart har vi i Sogn og Fjordane gjort det same i vårt fylke. No i år var det ingen lokallag som ville ta det på seg på grunn av det store frivilligkorpset som må til og tida det tek, informerer Storevik.

Han fortel at dei i vår fekk fleire lokallag til å gå saman om å arrangere Sogn- og Fjordane-kappleiken, men dette viste seg å vere vanskeleg med Vestlandskappleiken. Dei fann ut at dei måtte hive seg rundt å arrangere sjølve, og det ser ut til å ha gått fint, for dei har klart å mobilisere 31 frivillige frå ulike plassar i fylket. 

Storevik har teke på seg ein del ansvar når det gjeld marknadsføring. Mykje av matserveringa har Thon hotell teke, dermed slepp dei unna mykje arbeid der.

– Er hotellkappleik vegen å gå? 

- Det er fleire som har gjort det før oss, men matinntekta er den største inntekta, og dermed må ein søkje meir tilskott for å sikre at ein ikkje går veldig mykje i minus, resonnerer Storevik.

Vestlandskappleiken går i år føre seg på Thon hotell på Skei i Jølster. Fleire lokalkappleikar blir no arrangerte på hotell, med sine fordelar og ulemper. Foto: Booking.com.

– Kva for utgifter har ein hotellkappleik?

– Overnatting, reise og mat til dommarane. Lyd og lys tek ein god post.  I tillegg er det marknadsføring og premiar. Ein må også rekne med lokal leige av overnatting i klasserom, mat til frivillige, tekniske ting som kopiering, møterom og programhefte. Vi har mål om å gå i null, fortel Storevik.

Domarar i år er Knut Ivar Bøe, Håkon Høgemo og Åse Teigland i spel. Vokal er det Asbjørg Ormberg, Solveig Berstad Sande og Henning Lad som skal ta seg av, medan dansarane blir rangerte av Ingrid Søyland, Live Karin Liaskar og Per Øyvind Tveiten.

– De har ei litt anna klasseinndeling enn det som er vanleg på Landskappleiken til dømes?

– Vi har diskutert dette ein god del. I fjor var det litt usikkerheit om kva vi skal gjere med kappleiken for å gjere han enklare å arrangere. Vi foreslo dermed å redusere antal klasser for å redusere premiar, og dette skal vi teste ut i år. Håpet var at det skulle bli litt enklare, men eg er litt usikker på om det faktisk vart det. Det dukkar opp nye problemstillingar som vi må vurdere på representantmøte etter kappleiken. 

Storevik fortel at det er ein konstant diskusjon å gjere det enklare til å arrangere kappleikar, for at ein lettare skal få arrangørar. 

Les meir om Vestlandskappleiken og sjå startlister her

Ein veg å gå i Sogn og Fjordane

- Det er tale om ein «folkemusikkboom» i hovudstaden, men korleis er dette i Sogn og Fjordane?

- Vi har ikkje merka til nokon veldig boom i Sogn og Fjordane, men registrerer at det står noko betre i Hordaland. Det kan nok hende at dei har ein større grad av eldsjeler der, sjølv om vi i Sogn og Fjordane har prøvd i mange år. Hemmelegheita ligg nok i at i Hordaland har dei fått mange med seg mange med ein gong frå dei var små av, dei har sopa med seg heile årskull, fortel Storevik. 

Det kan leggast til her at Sogn og Fjordane har fleire rekrutteringsprogram på gang no, som det gjenstår å sjå kva for resultat det kjem ut av. Tøft og Folkedansespor kan ein lese meir om i nyaste nummer av Folkemusikk.

– Kva er suksessoppskrifta?

– Det hjelper å gå inn i skulane, for då når ein fram til alle ungane. Eit godt samarbeid mellom lokallaga og kulturskulen kan også hjelpe ein del. Det å nå ut er ikkje enkelt når det er så mange aktivitetar som skjer i eit lokalsamfunn. Men det gjeld å få fram at folkemusikk er ein fritidsaktivitet på lik linje med fotball og ski, meiner Storevik.

Han sjølv er frå Stryn og gjekk i lære hjå Arne Sølvberg i kulturskulen. Vegen gjekk vidare til Sandane og deretter til jazzlinje i Stavanger. Der hadde han ein lengre periode utan folkemusikk.

– Kva trekte deg tilbake til røtene?

– Det var nok koronatida, då var det lite som skjedde. Det var ein usikker jobbsituasjon, vi hadde planlagt ein stor turné som vart avlyst. Dermed vart det ein god periode eg jobba i Stryn, og då dukka denne stillinga opp, fortel Storevik.

– Korleis var det å kome tilbake? 

– Det er eit miljø det er veldig kjekt å vere i. Det eg har oppdaga då eg kom tilbake, er folkedansen, som eg var mindre interessert i før. 

Storevik er aktiv i Leikarringen i Oslo, som har stor oppslutning for tida med opp mot 100 aktive på kvar øving. 

– Korleis er det med folkedansen i Sogn og Fjordane no?

– Det er høg snittalder. Eg har inntrykk av at det var større oppslutning før. Det går sakte ned i medlemstal, men dette går jo gjerne i bølgjedalar, og håpet er jo at det kan gå opp igjen, seier Storevik. 

Det er uansett brukbar påmelding til Vestlandskappleiken med sju dansepar i juniorklassen der seks av dei er frå Gaular. Fleire også i runddanstevling fredagskvelden. Ni dansepar er det i seniorklassen. Godt over 30 felespelarar deltek solo. Det er også bra oppslutning i vokal senior og lagspel. Heile programmet ligg ute på Vestlandskappleiken.no

Nedanfor kan ein sjå opningskonserten for Vestlandskappleiken i Naustdal i 2022.