Tekst: Jostein Aardal

- Vi hadde eit kjempestort gammaldanstreff i 1985, fortel Britt Elise Skram. Sjølv var ho berre seks år då og kan knapt kome i hug at det vart skipa til treff i Vestnes kommune med Idahallen i Tomrefjord som arena.

Slik sett er Vestnes faktisk ein del av forhistoria og opptakten til det som vart den aller første Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Førde i 1986. Det var heftige diskusjonar internt i Landslaget for spelemenn (LfS) og snakk om å etablere ein eigen organisasjon hvis ikkje LfS satsa meir på gammaldansmusikken. 

Fleirtalet på LfS-årsmøtet i 1986 stadfesta at Landsfestivalen skulle etablerast. Dermed vart organisasjonen splitta med danninga av Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) - men no samla igjen i FolkOrg.

Med ferge som går rett over fjorden til Molde var interesserte kjent med store folkemusikkarrangement. Byen var nemleg vertskap for Landskappleiken så langt tilbake som 1924 og så igjen i 1966, med Romsdal spelemannslag som arrangør.

Den hittil første Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Møre og Romsdal vart arrangert i Ålesund i 1998. Men alt i 1985 var det eit ein forsmak på festivalen i Tomrefjorden i Vestnes kommune. Faksimile spelemannsbladet.

 

Ålesund spelemannslag arrangerte så Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 1998. Sidan har det verken vore landsfestival eller landskappleik i Møre og Romsdal, og arrangørane håpar at mange tek turen til Vestnes 31. juli-4. august.

Møre og Romsdale folkemusikklag er arrangør saman med lokale lag og grupper.

- Stemninga er god. Vi er veldig klare til ta imot tilreisande deltakarar og publikum, seier festivalsjef Britt Elise Skram, med god støtte frå hovudkomiteen og frivillige elles.

Arrangørane av Landsfestivalen på Vestnes er godt førebudde og samkøyrde. Dette biletet er frå ei samling med gjennomgang av program og sosialt samvær. Foto: Hanne Moldver Salthammer

Velkjent folkemusikar

Britt Elise Skram er velkjent for dei som har følgt litt med innan folkemusikk. Ho har vore aktiv dei siste tretti åra både lokalt og som deltakarar på kappleikar og stemne. Skram har musikkutdanning og har undervist i kulturskule i mange år, i tillegg til verksemd som frilansmusikarar og instruktør i spelemannslag.

- Jorun Marie Kvernberg og eg kom inn samtidig på Norges Musikkhøgskule, fortel Skram. Dei hadde Sven Nyhus som felelærar og Jon Faukstad i emseblespel. Eksamenskonserten var i 2003.

Britt Elise Skram tok i tillegg kulturadministrasjon i Bø før ho flytta heim til Vestnes og starta i kulturskulen. I fjor haust sa ho opp jobben for å satse som frilans musikar. Ein periode no er Skram vikar i deltidsstilling ved folkemusikkarkivet i for Møre og Romsdal.

- Det er litt risikabelt, men eg trur det skal gå veldig bra, seier Britt Elise Skram som hausten 2023 også vart ho tildelt kunstnarstipend frå fylkeskommunen.

Britt Elise Skram er blant dei fremste folkemusikarane på fele. Dette biletet er frå Landskappleiken på Gol der ho fekk andreplass i fele klasse A. I fjor var det tredjeplass under Landskappleiken i Lom, samt andreplass fele/hardingfele senior på Landsfestivalen i Førde. Foto: Jostein Aardal

 

 

 

Nyleg kunne ho lansere ny soloplate - DÅM - med mest tradisjonsstoff men også sjølvlaga musik. Høgdepunktet i solokarrieren kom i år då ho spelte seg til andreplass i fele klasse A under Landskappleiken på Gol. I fjor fekk Skram fekk tredjeplass i fele klasse A under Landskappleiken i Lom, samt andreplass i fele/hardingfele senior på Landsfestivalen i Førde.

Opptur for folkemusikken

Møre og Romsdal har rike tradisjonar med mange gode utøvarar langt tilbake i tid. Det gjeld både Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Fylket er kjent for fogderistrid, men ikkje verre enn at dei samarbeider godt gjennom Møre og Romsdal folkemusikklag.

Britt Elise Skram er glad for å vere ein del av dette.  Det starta med Dåm og Drag  i 1991. Ho har vore med på Landsfestivalen sidan festivalen på Røros i 1994. Skram tok over som musikalsk leiar i 1997 og skal leie laget i tevlinga også på heimebane på Vestnes.

I fjor leia Skram # MORO, eit samansett fylkesspelemannslag for Møre og Romsdal, til 8. plass under Landsfestivalen i Førde. 

- Eg føler at det er ein opptur for folkemusikken i fylket. Interessa er god og stigande. Vi har fleire som har teke utdanning og er med på å løfte oss. Nye generasjonar profilerer seg og gjer det godt, konstaterer Skram.

Imponerande program

Absolutt siste frist for påmeldingtil Landsfestivalen er 9. juli. Arrangørane håpar på god deltaking og freistar blant anna med eit spennande program også utanom tevlingane.

Onsdag 31. juli tjuvstartar det med konserten «Radio Radio» med NRK-legenda Viggo Valle saman med Arild Hoksnes og Odd Arne Halaas. Dei stiller igjen fredag i konserten «Historier og perler i gammaldansens historie» saman med Ronny Kjøsen og Thomas Lomundal.

Den offisielle åpninga skjer torsdag 1. august med blant andre Honndalstausene, Kviven Duo ( Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm), og Britt Elise Skram saman med trekkspelaren Kristina Farstad Bjørdal.

Bjørn Tomren, strupesongar som velkjent i mange samanhengar, har eigen konsert saman med fleire vener. Og så det det sjøvsagt meisterkonsert.

- Her er det noko for ein kvar smak, fastslår Britt Elise Skram.