– I fjor tok eg kontakt med Ole Nilssen, fylkesmusikar i Sunnfjord, for å få til eit utvekslingsopplegg med elevane mine i samband med Landsfestivalen i Førde. Ole var på hogget, og Ingrid Stuhaug sine feleelevar blei også med. Men der i området speler dei jo hardingfele, noko me på den tida ikkje gjorde. Så då la eg ut ei melding på Facebook om at me trong feler, og eg blei positivt overraska over at det var ganske mange som ville bidra, fortel Eide.

Dermed kunne elevar, foreldre og lærar pakke med seg hardingfeler og reise til Førde. Der deltok dei saman med sunnfjordselevane i lagspel under namnet Juniorcooperativet.

– Det å reise og få oppleve ting saman, er ein viktig motivasjonsfaktor, seier læraren.

Vil starte hardingfeletilbod i Trøndelag - treng feler
Juniorcooperativet, eit juniorspelemannslag sett saman av trønderar og sunnfjordingar i samband med Landsfestivalen i sommar. Foto: Kjersti Bratås/FolkOrg

Vil halde fram

Prosjektet har gitt meirsmak, og dei som var med til Førde vil gjerne halde fram med hardingfelespel. Men fleire av felene dei har til låns i dag skal leverast tilbake innan eitt års tid. Difor håpar Sturla Eide på at dei kan få lånt fleire hardingfeler med opsjon til å kjøpe dei i løpet av to til tre år.

– Me skal klare å skaffe oss økonomi til å få kjøpt felene i løpet av eit par år, men me klarer ikkje å kjøpe åtte feler på ein gong. Per i dag treng me mellom åtte og ti hardingfeler. Får me felene, er det folk som vil bruke dei, fortel han.

Medlemmene i Spelemannslaget Laust & fast er i hovudsak elevar ved kulturskulen i Skaun, der Eide jobbar som felelærar. Men laget samarbeider også med kulturskulane i Melhus og Trondheim. Og gjennom det interkommunale fordjupingsprogrammet Trønderfolk, der fleire kulturskular i heile Trøndelag er med, er Eide sikker på at hardingfeletilbodet kan utvide seg dersom dei får fleire hardingfeler i hendene.

Vil starte hardingfeletilbod i Trøndelag - treng feler
Spelemannslaget Laust & fast, med gjester frå Sunnfjord, på meisterkonserten under Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2023. Foto: Thomas Westling/FolkOrg

Tradisjon i Meldal

– Tidlegare var det hardingfeler i store delar av Trøndelag, men mange av tradisjonane har blitt brotne, og opplæringa på vanleg fele har teke over, seier Eide. Men sjølv tilhøyrer han ein trøndersk hardingfeletradisjon, der han førebels er siste ledd i ei ubrote tradisjonsline.

I Meldal er det ein hardingfeletradisjon, og unge Eide spelte springarar og gammaldans på hardingfele frå tidleg alder. For han har det nærmast vore ein utopi at han ein dag skulle kunne føre denne tradisjonen vidare.

– Fram til nyleg har det verka som ei fjern moglegheit. Men gjennom spelemannslaget, og med ei særs ivrig foreldregruppe, ser det ut til at det kanskje kan bli ein realitet. Det er ganske flott, vil eg seie.

No håpar han at spelemannslaget raskt kan skaffe seg nye hardingfeler dei kan låne og etter kvart kjøpe. For elevane er klare til å smi medan dei fortsatt har ein vellukka Landsfestival friskt i minnet.