Blant mange nominerte, var det altså desse fire vinnarane som stod att då plateprisane blei delte ut under første dag på Folkelarm. Juryen har i år bestått av Steinar Ofsdal, Ragnhild Knudsen, Georg Buljo og Ole Nilssen.
I kategorien «Solo» var det Britt Pernille Frøholm som stakk av med sigeren for plata Fokhaugen som er gitt ut på Kviven Records. Eit gjennomarbeidd tradisjonsmateriale, med ei nerve som gjennomsyrer albumet, er noko av det juryen skriv om vinnaren. Dei legg også vekt på at den allsidige utøvaren Frøholm med dette viser at ho har ein solid basis i sin eigen folkemusikktradisjon og eit stort uttrykksregister.
Kjellbjørn Karsrud har gitt ut «Soga om spelemannen Ola G. Okshovd» på platesekslapet ta:lik. For denne gjekk han til topps i kategorien «Dokumentasjon». I boka om Okshovd blir lesarane servert 312 sider om livet til den viktige Valdres-spelemannen. I tillegg er det med ein CD med 46 lydspor. Juryen meiner Karsrud har skapt noko av det mest interessante dei har sett og høyrt på lenge innunder denne kategorien.
I «Tradisjonelt samspel» var det kvartetten Tufskrøkjun som vann for plata si Nordavind. Denne er også gitt ut på ta:lik. Dette er debutplata til gruppa, som har spelt saman i 30 år. Juryen skriv at utøvarane har god tradisjonsforståing som viser kjeldene respekt, og eit solid utøvande handverk i eit organisk samspel.
Ævestaden, som med Ingen mere gråter utgitt på Heilo vann «Open klasse», får ros av juryen for å levere moderne folkemusikk på utmerkt vis. Musikken deira byggjer på tradisjonelle former og blir utvida på ein naturleg måte. Med særeigne vokalklangar og med fleire eldre instrument, blandar dei på ein spennande måte inn elektronikk.
Den gjævaste prisen som blei delt ut denne kvelden, var Årets folkemusikar. Den var det Marja Mortensson frå Svahken Sïjte i Hedmark som fekk. Juryen seier ho er ein tydeleg og sterk representant for tradisjonen sin og at ho det siste året har vore aktiv med fleire nyproduksjonar. Trass i at ho er relativt ung, har ho allereie rekt å motta mange prisar og utmerkingar. Ho har leita og grave seg fram for å revitalisere og gjenoppdage tradisjonsmusikken frå heimeområdet sitt. Mortensson er også ein av dei mest spennande unge artistane Noreg har å by på, uavhengig av sjanger. Måten ho på ein kompromisslaus måte bruker eige språk gjer at ho også rettar merksemd mot det sør-samiske området, skriv juryen.
Heme Dine blei kåra til Årets folkemusikkarrangør, medan Thor Hauknes fekk prisen for årets folkemusikkfotografi.