Tekst: Johanne Flottorp (oppdatert 28.2.)
Når Noreg steller til idrettsfest, bruker som regel den norske tradisjonen å bli vist fram på ulikt vis. Under Lillehammer-OL var det hundrevis av felespelarar og dansarar i Lysgårdsbakken under opningsseremonien. Like storslått er det ikkje denne gongen, men likevel vil det bli fleire folkemusikkrelaterte innslag under VM-dagane i Trondheim.
Under opningsseremonien som blei kringkasta ut i verda onsdag denne veka, var Marja Mortensson ein av artistane som deltok. Fargespill Trondheim deltok også med sin versjon av «Fjellmannjenta».
Sjå opningsseremonien her. Bileta nedanfor: faksimile frå NRK TV.

Vidare i meisterskapen blir det folkefest i skianlegget og på Trondheim torg, der det etter kvar konkurransedag skal bli delt ut medaljar. I samband med dette er det også medaljekonsertar med store norske artistar. I tillegg til hovudartisten er det også kvar kveld ein regionartist som er plukka ut for å representere ein del av Trøndelag. Onsdag 5. mars spelar difor både Mari Boine og Gjermund Larsen Trio konsert før vinnarane får sine medaljar.
Gåte skal også spele medaljekonsert, og vokalisten i gruppa, Gunnhild Sundli, syng på den offisielle VM-låten «For What We Love». Framføringa av denne låten avrunda opningsseremonien onsdag.

Utanom konkurransane i Granåsen og det som skjer på torget, er det eit yrande liv i Trondheim den dryge veka meisterskapen varar. Konsertar, utstillingar og matopplevingar er berre noko av dette. Rockheim, Ringve museum og Norsk senter for folkemusikk og folkedans arrangerer laurdag 1. mars «Afterski folkemusikkedition». Då blir det klubbkveld med Hans, Jo!, som består av Hans Hulbækmo og Jo Einar Jansen. Snaustrinda spelemannslag spelar også, og dei kan ein i tillegg oppleve i skianlegget på avslutningsdagen 9. mars.
Det er også Hallingkurs, gamaldansfest og buskspell/jam med Søndre Trondhjem spellmannslag og Lierne toradergruppe måndag 3. mars, og dansekurs i sydisdans og samisk dansekveld med DJ iDJa onsdag 5.mars. Les heile programmet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans her.