På denne plata tolkar kvintetten Wör flatlanda sin store, stolte tradisjon av klokkespel eller «carillon». Sidan me har vakse opp i ein Nei til EU-familie, er det ikkje sjølvsagt at me skulle melda musikk frå Brussel. Men musikk opnar barrierar, og her sit me.

Plata har eit omfattande plateomslag, og her lærer me saker og ting. Det har seg nemleg slik at i 2014 fekk klokkespelet i Flandern og Vallonia status som ein del av UNESCO sin immaterielle kulturarv. Kvar by i Belgia og omkringliggande land hadde eit klokkespel, som fungerte som lokal platespelar. Klokkespelarane skreiv ned melodiane etter reisande musikarar på turné, og laga eigne tolkingar som dei spelte til innbyggjarane på carillon.

Nederland og Belgia har eitt klokkespel per 96.000 innbyggjarar, les me. Sidan me kjem frå spelarhola Granvin, der ein i det minste hadde ei hardingfele på kvar gard før i tida, høyrest ikkje eitt instrument per 96.000 veldig imponerande ut. Me let som at me vert imponerte likevel. Sporet «Fiocco» gjev oss ein smakebit på klokkespel, sjølv om det er andre instrument som dominerer. Lydbiletet er prega av gitar, mandolin, fele, sekkepipe, trekkspel og piano. Til tider høyrest det litt nordisk ut, men det overlever me fint.

Låtane på plata er velarrangerte og fengande. «Beyaert» startar ballet, med tittel frå og inspirert av den eldste samlinga av klokkespelmelodiar frå 1700-talet. Alt i denne samlinga er jolemusik – og kven skulle tru, dette kan ein dansa reinlender til! Ein favoritt på plata.

«Berlo» høyrest veldig kjend ut, utan at me klarar å peika tvillingpeikefingrane våre på kvifor. «Ketting» er ei samling av to menuettar, og med klimprande mystikk kunne dette ha vore filmmusikk. Me elskar menuettar! Sårt og melankolsk, og litt dramatisk. Ganske internasjonalt dette her, sidan ein kan finna dei same menuettane i Danmark. Skriven ned av klokkespelar frå Antwerpen.

Wör: About Towers
Wör: About Towers. New Energy For Old Belgian Music
  • ARC Music, 2020
  • 14 spor, 47 min.
  • Produsert av Wör
  • I bandet: Fabio Di Meo (baryton, saksofon), Jeroen Goegebuer (fele, mandolin, banjo), Pieterjan Van Kerckhoven (sekkepipe, sopransaksofon, piano), Bert Ruymbeek (trekkspel) og Jonas Scheys (gitar, bass)

«Rosalie» er ein fin reinlender som me voggedansar til, med litt modulering på slutten. Ganske vilt. «Climate march» er tilegina klimamarsjerande studentar. Det er kanskje på tide at Folkedans-Noreg klimamarsjar, me òg! Låta er ganske rask og passar fint til oss, sidan me har små bein og høg frekvens i gåsteget. Tippar Greta Thunberg likar raske marsjar ho òg. Mange marsjar kan fort verta seigrompa, men det er sjølvsagt at ein klimamarsj har litt futt. «Mr. Kennis» på plata er derimot ein klassisk seigrompemarsj. Låta «D´afnemen» er ein rask og fengande vals.

Siste spor på plata er «Cecilia». Ein skulle tru at dette er ein tolking av Simon og Garfunkel sin kjende versjon, men den gong ei. Lydbiletet er prega av trekkspel og sekkepipe. Ifylgje plateomslaget er dette ein kjend melodi i heile Europa, deriblant Skandinavia.  Slike påstandar kan få ein kvar tvillingmeldar til å kjenna seg dum sidan me ikkje dreg kjensel på melodien. Frekt.