Tekst: Martin Myhr
Kvart år i desember samla arrangørar seg og fordelte helger mellom seg. Dei laga festlista! Dette dokumentet var det umåteleg viktig å få tak på, og på skulen skreiv vi av frå kvarandre i timane. Sidan det ikkje var så viktig kven som skulle spela, trengte du ikkje sjå etter plakatar eller annonsar. Du hadde festlista!
Det er truleg ikkje så mange under 50 som har opplevd eit slikt stabilt og forutsigbart tilbod kvar helg i ungdomstida. Det føregjekk slik: Ein arrangør tinga orkester som spelte pop og rock frå kl. 21.00 – 01.00. I alle desse husa var det ein sal og ein kafé. Det var ein gjeng med dugnadsfolk som selte mat og kaffi og brus. Så var det 10 ordensvakter. Resten laga seg sjølv.
Vi som skulle på fest måtte sjølve ordne skyss, sidan det oftast var nokre mil å reise. Foreldra løfta ikkje ein finger for å hjelpe dei håpefulle på veg. Veit ikkje at nokon spurde heller. Dei som hadde førarkort og bil køyrde ei helg, og så var det andre sin tur neste helg. Fekk du ikkje tak i sjåfør, kunne ein slå seg saman og ta drosje, eller ikkje uvanleg, haike. I løpet av dei 10 åra eg var på desse festane så og seia kvar helg, veit eg berre éin gong eg ikkje kom meg dit eg hadde tenkt.
Som 15-åring var det ganske spennande. Hovudmålet var jo å få dansa med ei jente. Dansen som gjaldt var i utgangspunktet ikkje så avansert. Vi hadde vel ikkje namn på han, men kunne kalle det 1-2, for å skilja det frå 1-1, altså tråkke frå side til side. 1-2, altså 1 steg til høgre og 2 steg til venstre, gav mykje større moglegheiter, og mange vart drivande gode dansarar etter kvart.
Men for ein liten 15- åring som var både yngre og mindre enn dei fleste potensielle dansepartnarar, var det ikkje så enkelt. Dei som hadde pause frå dansinga sat eller stod gjerne rundt dansegolvet. Så var det å ta mot til seg og by opp til dans. Kanskje 10 nei, før endeleg ei forbarma seg over stakkaren. Men etter ein dans måtte desse damene oftast på do, og sa takk for dansen. Men det var ikkje noko som heitte å gje opp, og etter ein desimeter på lengda og nokre kilometer i danseskoa, kunne ein få dansa heile kveldane om ein ville.
Det utruleg fine var at alle kunne dansa. Sjølv om dei mest blygne ikkje våga seg utpå før sist på kvelden etter å ha smurt motet høveleg, så var dette ei samværsform alle kunne.
Det var på desse dansegolva vi fann oss kjærastar. Ein heilt optimal arena for å finne nokon å vera saman med. Når ein dansar saman, og samdansen klaffar er det utruleg moro å halda på ei stund. Og i pardans er du tett på kvarandre, sveittar saman, luktar kvarandre. Treng ikkje prate. Ein blir kjent med personen likevel. Kanskje ein klem for å takke for dansen, ein klem som blir lengre enn først tenkt, og som gjer at ein dansar saman ei stund til.
Midt på 80-talet voks turistbedriftene fram i Trysil. Nye hotell med nye tilbod. Du kunne gå på diskotek med ølservering om du var gamal nok. På festane eg skriv om, hadde vi drikke ute i bilane, eller vi klarte å smugle inn noko heimebrent og laga oss kaffidokter i kafeen.
På utruleg kort tid vart det så og seia heilt slutt. Det var rart å sjå at ein arena som kjendest så sterk og robust, berre forvitra i løpet av nokre månader. For ungdom har dansen vore den viktigaste samværsforma så langt attende ein har gode kjelder – ja, i fleire hundre år. Og samfunnsmessig vil eg tru dansen har vore viktig for at unge slår seg saman og skapar nye familiar.
Å dansa pardans der ein held rundt kvarandre, er ein heilt særskild måte å møtast på. Du treng ikkje å ha sett personen før, og med eit lite nikk som einaste kommunikasjon står de og held rundt kvarandre. Og det skal de gjera minst 3-4 minutt utan at de treng å prata. Prøv det på bussen eller i butikken….
Eg tenkjer det er trist at dei unge ikkje lenger har denne lågterskelarenaen dei kan møtast på jamt og trutt. Har vore i nokre bryllaup der dei under 40 år ikkje veit kva dei skal gjera når det blir spelt til dans. Dei blir gjerne ståande i ein ring på golvet og gynge litt, og står helst i vegen for dei «vaksne» som vil og kan dansa.
Sjå Martin Myhr og Margrete Nordmoen danse runnom frå Trysil i dette tilbakeblikket til Landskappleiken i Oppdal i 1999.
Det er likevel éi gruppe som forstår fenomenet og kan oppleva det mange gonger i året. Det er dei som held på med folkedans. På kappleikar og festivalar blir det spelt til dans, og der fungerer den sosiale samværsdansen lik den eg fekk vera ein del av i ungdommen. Ikkje minst har Riksscenen i Oslo bidrege med mange gode dansefestar, og Tuvas Blodklubb ein gong i månaden har lokka mange nye til intense dansefestar.
Under arrangementet «Storhelg i Hallingdal» på Torpo kvart år i oktober, møtast 80 ungdommar frå mange kantar av landet til kurs og konsertar. Men det viktigaste er dansefesten laurdag kveld. Det er vakkert å sjå korleis ein slik arena fungerer av seg sjølv. Dansegolvet er fullt frå første til siste slått.
Eg meiner det skulle vore arenaer for pardans alle stader. Det skulle sjølvsagt vore mykje dans i skulen. Det gjev meistring, sjølvtillit, mosjon, mobilfri, og dei kan få ta på kvarandre utan at det er flaut eller farleg. Blir dei vane med pardans frå dei er unge, er det lettare å halde fram med dans som aktivitet også inn i vaksenlivet. Eg trur det må vera forebyggande for psykisk- og fysisk helse! Og kanskje det hadde vore mindre bruk for Tinder og andre sjekkeappar.