Tekst: Kjellbjørn Karsrud (oppdatert onsdag 2. oktober klokka 10.29)

– Regjeringa foreslår at FolkOrg skal få eit ekstra driftstilskot på éin million, som er øyremerka til Landsfestivalen og Landskappleiken. Det har vore krevjande å få arrangert desse festivalane i ei tid med mykje kostnadsvekst. Derfor har dette vore langt framme i pannebrasken til oss i regjeringa, fortel kulturpolitisk talsperson i Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen til Folkemusikk.

Dermed foreslår dei 8,1 millionar totalt til FolkOrg, noko som er ei stor prosentauke, då tilskotet til FolkOrg i 2024 var på 6,85 millionar. 

– Kvifor synest regjeringa det er viktig å støtte Landskappleiken og Landsfestivalen særleg?

– Vi er opptekne av at vi kan føre ein politikk som kan styrke både regionale og lokale miljø utover i heile landet, kommenterer Sem-Jacobsen.

– Er det eit permanent tilskot?

– Ja, slik som det er formulert frå oss, så blir det foreslått 8,1 millionar, der den eine millionen er øyremerka dei to festivalane. Med dette vil vi bidra til å oppretthalde kvaliteten på arrangementa. Samtidig som vi vil gjere det mogleg for lokallag over heile landet å ta på seg rolla som arrangør, svarar Sem-Jacobsen.

Dette er også er ei viktig sak for Sel-Jacobsen også personleg. Ho dansa folkedans i leikarring i oppveksten i Heddal. Primus motor der var onkelen hennar, Olav Sem, den kjente dansaren og kvedaren. 

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Åse Kristin Bakke (Ap) syntest det var moro å få overraske med denne løyvinga. Samtidig fekk dei oppleve det veksande folkedansmiljøet i Oslo - og dansa litt sjølve. Foto: Magni Hjertenes Flyum.

– Dette er to arrangement som er særs viktig for folkemusikkmiljøet. Den økonomiske situasjonen gjev no ekstra rom for auke. Vi har også fått med oss at desse arrangementa er gode. Etter å ha høyrt på FolkOrg sine bekymringar for desse Landskappleiken og Landsfestivalen, så har vi passa på å gjere noko for at dei skal halde fram med å vere det, greier Sem-Jacobsen ut vidare. 

Sem-Jacobsen er også interessert i å finne ut kvifor folkemusikkmiljøet opplever ei oppblomstring no i det mange frivillige lag og organisasjonar slit i kjølvatnet av pandemien.  

– Mange arrangement og frivillige organisasjoner har ei lønna stilling for å kunne drive gjennom året, men ingen av dei hadde eksistert utan alle dei frivillige. Etter pandemien og straumkrisa har det vore krevande for dei fleste, derfor har regjeringa støtta opp med straumstøtte, strategi for kulturfrivilligheita med friske penger samt innfridd hovudkravet til frivilligheita i snart 20 år; full momskompensasjon på kjøp av varer og tjenester, seier Sem-Jacobsen.

Likevel meiner dei å sjå ein tendens til at delar av det frivillige feltet verkar til å krevje endå meir fra staten, særleg til lønna stillingar.

– Likevel ser vi at delar av det frivillige feltet krev endå meir fra staten, særleg til lønna stillingar. Akkurat dette synest eg er ei negativ utvikling. Frivilligheit er frivilligheit. Difor ivrar eg for å styrke det konkrete frivillige arbeidet, nett slik som det lokalsamfunna stiller opp med under Landskappleiken og Landsfestivalen.  Eg håpar ikkje vi kjem til ein stad der folk sluttar å bidra i frivillig arbeid, manar Sem-Jacobsen.

– Er dette ei generell utvikling?

– Det som er gledeleg, er at frivilligheita i det store og heile no er oppe på same nivå som før pandemien. Ved hjelp av staten og dei eldsjelene som ikkje har gjeve seg hen til sofaen. Særs gledeleg er det at folkedansmiljøet veks slik som her i Oslo. Så når arrangement som Landskappleiken og Landsfestivalen opplever nye krav til sikkerhet og stor kostnadsauke i dyrtida, må vi sikre at desse tradisjonsrike arrangementa, som betyr så mykje for folkemusikken og folkedansen, held fram. Eg håpar denne millionen blir opplevd som eit godt tiltak for miljøet, legg Sem-Jacobsen til. 

Les meir om kvelden her på NU sine sider.

Ein ekstra tryggleik for lokale arrangørar

Nyheita kom som ei stor overrasking på styreleiar Hilde Reitan.

– Vi har jobba intenst med å få til dette over tid, for dette treng vi ressursar til. Det er nemleg ikkje mogleg for oss å søkje tilskot på andre ordningar for desse to arrangementa, fortel ein særs engasjert Hilde Reitan. 

Ho teiknar opp eit bilde av to arrangement som i aukande grad krev meir og meir profesjonalitet i alle ledd, noko som har vore utfordrande for lokale arrangørar som i stor grad er basert på dugnad og frivilligheit. 

– Når vi får meir midlar som er øyremerka, kan vi bruke meir ressursar sentralt. Dette betyr også at ein kan fjerne leigesummen som arrangementa til no har betalt til FolkOrg sentralt, lovar Reitan.

Det kan truleg vera ein tryggleik for lokal arrangør å ha endå meir støtte i ryggen. Reitan understrekar at det er veldig viktig for FolkOrg at arrangementa kan halde fram med å rullere rundt i landa. Det betyr god blest om folkemusikken i nærområdet og ofte ein «boost» for rekrutteringa. 

Det var god stemning på øving i Leikarringen i BUL Oslo der nyheita vart gjort kjent. Foto: Magni Hjertenes Fylum.

– No er det noko tryggleik i botn her, som kan stimulere fleire til å ta på seg arrangementet, meiner Reitan.

– Men med meir pengar følger det med meir ansvar for å forvalte dei statlege støttekronene på ein god måte?

– Når midlane er øyremerka, skal det ikkje gå til alt anna, det skal gå til festival og kappleik. Om vi får finansiert meir ressursar til LK og LF, kjem det også andre delar av folkemusikkfeltet til gode. I dag bruker administrasjonen fleire årsverk på desse to arrangementa, sjølv om leigesummane ikkje ein gong dekker éi stilling, fortel Reitan.

Reitan framhevar at Landskappleiken og Landsfestivalen er to av dei aller viktigaste aktivitetane til FolkOrg. Dette medfører også eit stort ansvar, som dei no har endå større  moglegheit til å bere.

– Korleis vil desse midlane konkret gagne lokal arrangør? 

– Vi må bruke dette slik at arrangør slepp å betala leigesum. I tillegg vil FolkOrg kunne hjelpe til med administrative oppgåver og med å legge til rette for infrastruktur som skal på plass i slike arrangement. Kanskje kan FolkOrg sentralt også bidra med å forhandle om meir langsiktige avtaler med større leverandørar og liknande? tenkjer Reitan høgt.

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, var særs takksam for løyvinga som kjem heile miljøet til gode. Foto: Magni Hjertenes Flyum.

Reitan strekar under at ein må bruke tid på å innrette på ein måte som kjem alle i organisasjonen til gode. Landsmøtet 2025 skal ta oppatt saka frå førre landsmøte om å fjerne leigesummen lokal arrangør i dag betalar FolkOrg, ut over det må ein sjå nærmare på korleis ein skal innrette ressursen for at ein skal få utnytta den best mogleg. 

– FolkOrg bidrar med mykje alt i dag, men å få til ei stilling som er endå tettare på lokal arrangør, kan vera ei rolle som FolkOrg-administrasjonen kan ta, meiner Reitan.

– Dette kjem jo oppå nyheita om at Landskappleiken på Gol har gått med millionoverskot. Mange vil kanskje hevde at store overskot som dette bør fordelast utover heile folkemusikkmiljøet i større grad?

– Det er sjeldan at lokal arrangør oppnår slike resultat, og all ære til Gol som har klart det. Vi må finne ein måte å handtere dette på i åra framover, men på eit vis er det rimeleg om dette kjem heile miljøet til gode. Det er ikkje alle som har moglegheit til å ta på seg arrangementet, og såleis er det naturleg å vurdere ordningar der lokal arrangør også betalar noko attende til fellesskapet som ikkje har ressursar og musklar til å ta på seg så store arrangement, konkluderer Reitan.