Måndag denne veka la Regjeringa fram forslag til statsbudsjett for 2025. Tysdag 15. oktober inviterer Norsk jazzforum saman med samarbeidsorganisasjonane i Arrangørforum, til det årlege arrangementet sitt Kulturdebatt, med samtalar og debatt om statsbudsjettet. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery stiller til samtale, og det blir paneldebatt med Jaffery og stortingspolitikarane Tage Pettersen (H), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Emma Lind (V) og Kathy Lie (SV). 

Dagens moderator er Trude Storheim, styreleiar og vikarierande dagleg leiar i Norske Kulturarrangører.

Arrangementet finn stad på Youngs i Oslo. Det blir servert kaffe og frukt frå kl 8 og debatten starter kl 8.30. Vel møtt!
Se arrangementsinfo på her.

Arrangørforum er FolkOrg,, Norske Kulturarrangører, :Klassisk , Norsk jazzforum, Norsk Viseforum, Norsk Bluesunion, Norske kulturhus ogNy Musikk, 

Les dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, sin kommentar til statsbudsjettet her.