FolkOrg har mottatt midlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet, via Norsk Musikkråd. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen.
Denne søknaden gjeld berre for deltaking på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Sjå her for eiga artikkel og søknadsskjema for deltaking på Landskappleiken.
Stønadsordning i 2024
Dette er ei ordning som gjev støtte til lokallaga slik at dei kan dekke påmeldinga for juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen, samt at lokallaget kan bidra med å dekke reiseutgifter/overnattingsutgifter for deltakande juniorar i samband med arrangementa.
Målsetting
Målet med ordninga er å senke terskelen for deltaking på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for juniorar og C-klassingar.
Vilkår
- Junioren må vere medlem i FolkOrg via eit lokallag. Juniorar som er direktemedlem i FolkOrg og har delteke på Landsfestivalen, har dessverre ikkje moglegheit til å søkje om å få kompensasjon for deltakaravgift og dekke reise/overnattingsutgifter.
- Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi påmelding per deltakande junior. Lokallaget kan i tillegg få støtte til vere med å dekke reiseutgifter.
- Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per junior for å dekke deltakaravgift og bidra til å dekke reiseutgifter.
- Er bustadsadresse i eller nord for gamle Nord-Trøndelag, i Rogaland eller i Agder, kan ein få dekt opp til 2000 kr per junior.
Lokallaget si rolle
Lokallaga kan søke stønad for så mange juniorar dei ønsker. For juniorar som deltek fleire gonger på same arrangement, får lokallaget kun refusjon for den første påmeldinga. Eit lokallag kan få kompensasjon for den same junioren på både Landskappleiken og Landsfestivalen.
Søknadsfristen var 9.september.
Lurar du på noko i samband med søknaden? Ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg - sina@folkorg.no / 954 42 592.
Alle søknadar vert behandla på styremøte i veke 39.
Foto: Thomas Westling
SØKNADSKJEMAET ER NO STENGT.