Påmeldinga til Landskappleiken 2025 opnar 1. april og stenger 19. mai. 

Landskappleiken har fått Kongepokal regelmessig sidan 1980, og kvart år sidan 1992.
I år er det sjette gongen Kongepokalen skal delast ut i Dans hardingfele A.

I tillegg til Kongepokalfinala, blir det finale i eldre folkemusikkinstrument senior og spel fele A. Resultata blir som vanleg kunngjort på Meisterkonserten på sundagen. 

Påmeldingsavgift 1. april - 5. mai: 
Junior: 200 kr for fyrste påmelding, 100 kr per påmelding vidare. 
Senior: 400 kr for fyrste påmelding, 200 kr per påmelding vidare. 

Påmeldingsavgift 6. mai - 19. mai: 
Junior: 300 kr for fyrste påmelding, 150 kr per påmelding vidare. 
Senior: 500 kr for fyrste påmelding, 250 kr per påmelding vidare.

Meld deg på Landskappleiken her!
Dersom det er første gong du brukar påmeldingsportalen, må du registrere ny brukar. 

Har du spørsmål om påmeldinga til Landskappleiken, som til dømes medlemsnummer, passord eller liknande? Ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg: sina@folkorg.no,tlf: 95442592.

 

Vi treng fleire frivillige - meld deg til teneste!