Forslag til statsbudsjettet vart lagt fram måndag 7. oktober. Det er statsråd Lubna Jaffery sitt andre kulturbudsjett som kultur- og likestillingsminister. 

Den store gladnyheita: Auke i driftstilskotet til FolkOrg

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er dei to største arrangementa på folkemusikkfeltet gjennom året. Dei er viktige møtestader for spel, song og dans - på tvers av generasjonane. Det er dansefest og det er sjokoladekappleik, det er tevling og mønstring, det er diskusjonar, det er god mat og drikke. Mest av alt ein møtestad for alle oss som elskar folkemusikk og -dans. 

Desse arrangementa er heilt sentrale i utøvinga av den immaterielle kulturarven som folkemusikk og folkedans er. 

FolkOrg har lenge arbeidd for å få auka driftstilskotet med friske midlar som er direkte knytt inn mot arbeidet med Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Og allereie førre veke fekk vi nyss om at Folkorg får øyremerkde midlar til dette.

Det er fleire grunnar til at dette er viktig og naudsynt. For det fyrste så har dette over år blitt større og større arrangement. Det krevst mykje både frå lokal arrangør og frå FolkOrg å gjennomføre desse store mønstringane. Og festivalpublikumet er kravstort i dag, folk forventar eit arrangement av høg kvalitet. 

Vi har sett at det er færre lokallag som søkjer om å arrangere desse arrangementa. Og det kan vere forståeleg. Nettopp det at det har blitt store arrangement gjer det meir krevjande å ta det på seg. Det er eit stort ansvar. Med desse øyremerkde midlane blir det mogleg for FolkOrg å følgje opp lokal arrangør enda tettare. 

Det er også ein økonomisk risiko for eit lokallag å ta på seg eit slikt arrangement. Målet er jo at det tilskipande lokallaget skal sitte att med såpass med midlar at laget skal kunne arbeide godt med rekruttering, og ha rom for stor aktivitet og utøving i åra etter. Med den nye løyvinga kan vi leggje til rette og bistå tettare slik at risikoen blir mindre.

Budsjettforslaget frå regjeringa er også eit framlegg om at staten i praksis aukar innsatsen for å ta ein viktig del av ansvaret som ligg i den ratifiserte UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven. 

Nå skal FolkOrg gå i gang med ei kartlegging av korleis administrasjonen og styret på best mogleg måte kan forvalte desse nye øyremerkde midlane. Korleis kan FolkOrg sikre at Landskappleiken og Landsfestivalen skal fortsetje å vere gode og viktige møteplassar på tvers av generasjonar? 

Målet er at lokal arrangør skal få tydelege, trygge og gode rammer for gjennomføringa av arrangementa. 

Oppsummert er dette ei stor gladnyheit. Vi vonar at alle våre medlemmer og brukarar av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk ropar hurra i dag! Og ikkje minst vonar vi at dette kan vere ei positiv nyheit for dei lokallaga som sit rundt i landet og vurderer å søke om å ta på seg desse arrangementa i åra framover. Vi håpar mange er interesserte når vi nå lyser ut begge arrangementa for 2027, 2028 og 2029 om ikkje lenge.

Full momskompensasjon

Når det gjeld kulturbudsjettet så er momskompensasjonen eit viktig punkt for folkemusikken og folkedansen. For folkemusikk- og folkedansmiljøet og FolkOrg er gode løysingar for det friviljuge feltet heilt essensielt, og i statsbudsjettforslaget for 2025 vert det gjort framlegg om å vidareføre ordninga med full momskompensasjon. 

Dette er veldig bra – og viktig. Dette er ei ordning som gjer at lag og organisasjonar som ikkje er momspliktige - som naturleg nok betaler moms ved alle kjøp - kan få kompensert desse utlegga. 

I 2023 var over 1,2 millionar fordelt ut til lokale lag i FolkOrg.

Endeleg regionale kulturfond - ein siger for det regionale kulturlivet

I Hurdalsplattforma skreiv regjeringa om regionale kulturfond. Sidan da har kulturlivet venta på at regjeringa skal ta tak i dette. I årets budsjett har endeleg dei regionale kulturfonda  kome inn, og for 2025 er det lagt inn 75 millionar. Dette er ein veldig bra start, og noko FolkOrg i lag med Arrangørforum, Norsk musikkråd og fleire kulturorganisasjonar har jobba for over fleire år. 

Vi håper og trur at regionale kulturfond vil vere eit stort lyft for det regionale kulturlivet, herunder folkemusikk- og dansemiljøa, rundt omkring i heile landet. Desse midlane skal brukast til å skape og engasjere til aktivitet rundt om i lokalmiljøa, dei skal stimulere til auka aktivitet og deltaking, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv og bidra til høgna kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt. 

Det er fylkeskommunane som skal forvalte dette, og på sikt vonar vi at dei regionale kulturkretsane kan vere gode samspelspartnarar for fylkeskommunane. Så ei oppfordring: Det er viktig at områdelaga og dei regionale sentra tek initiativ og BLIR MED i oppstarten og utviklinga av dei regionale kulturkretsane. På denne måten kan vi i enda større grad vere med og sette fokus på folkemusikken og folkedansen regionalt.  

Det er også viktig å merke at dei regionale kulturfonda skal vere eit suplement til dei allereie eksisterande ordningane i fylka. Det er viktig at desse fonda ikkje endar opp med å bli erstatningar for dei ordningane som er frå før, på grunn av kutt og stram økonomi i fylka. 

Mange om beinet i Norsk kulturfond

Årets kulturbudsjett er sindig og nøkternt, og på same tid er det ein del som får nokre ekstra midlar, mellom anna FolkOrg. Det er fleire andre institusjonar og museum som får etterlengta midlar. Men vi ser enda ein gong av det frie feltet ikkje får den ønska styrkinga.

Kulturdirektoratet har over fleire år signalisert at det er for få midlar til den aukande søknadsmengda i Norsk kulturfond. Aktiviteten – og ikkje minst den ønska aktiviteten – er stor, men det er for lite midlar i fondet. 

I folkemusikken og folkedansen er det fleire og fleire strålande utøvarar som lever av å spele, syngje og danse. Dette er fantastisk. Men det er også tøft å leve som utøvar. Vi skulle gjerne sett at Norsk kulturfond vart betrakteleg styrka, slik at både arrangørane og utøvarane hadde hatt større rom og moglegheiter. 

Vegen vidare

FolkOrg er audmjuke og glade for vår auke i driftsmidlar. Dette tek vi med oss vidare, og vi skal forvalte det på best mogleg måte. Vi skal feire dette med litt kake, faktisk, så stort er det. Men etter det så skal vi brette opp ermene. For vi ser mellom anna at regjeringa set av 55 millionar kroner til tiltak for å auke barn og unges deltaking og opplevingar innan kultur. Her skal FolkOrg vere på ballen. Arbeid for at barn og unge får moglegheit til å delta i og oppleve folkemusikk og folkedans er av det viktigaste vi gjer. Vi skal arbeide for at alle våre lokallag skal få best mogleg forutsetningar for å legge til rette for barne- og ungdomsaktivitetar og rekruttering. Vi skal fortsette å arbeide for at møteplassane i folkemusikkmiljøet er for alle generasjonar. Og så skal vi arbeide vidare for å få fleire folkemusikksentre opp å gå, og vi skal arbeide hardt for å skaffe finansiering til eit fond for tradisjonsutøvarar. Og mykje meir.