FolkOrg lyser no ut midlar som lokallaga kan søke på. Det er regjeringa som har bevilga ekstra midlar som FolkOrg har fått mandat til å dele ut.
– I hele landet har vi levende musikkmiljø som vi ønsker at flere barn og unge skal kunne ta del i. Fellesskap og musikkglede er viktig enten en driver med korps, kor eller band. Vi vil ikke at økonomi skal være et hinder for å oppdage talent eller dyrke en interesse, seier Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding frå regjeringa.
Formål med ordninga
Formålet er å bidra til å inkludere barn og ungdom som fell utanfor på grunn av sosial forskjellar og sosioøkonomiske årsaker, og dessutan å generelt å halde nivået på foreldrebetalinga nede.
Kva kan ein søkje stønad til?
- Midlane skal gå til lokallag og områdelag og aktivitetane deira. Formålet er å bidra til auka deltaking og inkludering av barn og unge i eksisterande aktivitet.
Døme på aktivitetar eit lag kan søke støtte til:
- Senke eller kutte barn- og ungdoms deltakaravgift/kontigent på ulike aktiviteter (kurs, samlingar og lokalkappleikar) som arrangerast av laget eller som laget er medarrangør av
- Refusjon av lagets barn- og ungdomsmedlemar sin kontingent i lokallag, områdelag og nasjonal organisasjon
- Informasjonskampanjer i eit lokalmiljø og forsterking av lokallagas ordinære rekrutteringsarbeid.
- Lokale samarbeidsprosjekt som fører til inkludering og rekruttering
- AKS-SFO-prosjekt
- Reisestøtte til regionale eller nasjonale samlingar for barn og unge
Vi ynskjer å prioritere søknadar som fokuserer på rekruttering til danseaktivitet, då vi ser at tala på juniordeltaking i danseklassene på Landskappleiken og Landsfestivalen er dalande.
Makssum per prosjekt er 20 000 kr, men dette kan justerast av styret i FolkOrg etter søknadsmassa.
Det blir gjeve stønad til prosjekt som foregår i 2024 (med tidlegast oppstart i juli), eller som følgjer skuleåret 2024/2025. Prosjektet må ha hovuddelen av aktiviteten i 2024, merk at det ikkje blir gitt stønad til aktivitet som berre foregår i 2025.
Kva trengs i søknaden?
- Namn og informasjon om søkjar
- Skildring av aktivitet
- Enkelt budsjett/finansieringsplan
Lurar du på noko i samband med søknaden? Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg - live@folkorg.no / 974 15 515.
Alle søknadar vert behandla på styremøte i veke 39.
SØKNADSKJEMAET ER NO STENGT.