FolkOrg lyser ut arrangementa for desse åra: 

  • Landskappleiken: 2027, 2028, 2029 
  • Landsfestivalen i gammaldansmusikk: 2027, 2028, 2029

Å skipe til store arrangement er både spennande og inspirerande. Det styrker fellesskapet, nye medlemmer blir rekruttert gjennom synleggjering av lokallaget og dugnadsjobbing, og det kan gi økonomiske musklar til å drive godt og aktivt lagsarbeid framover.  

Både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er godt etablerte arrangement som med åra har vakse seg større og meir populære enn nokon gong. FolkOrg stiller som ein sentral samarbeidspartnar og rådgjevar gjennom heile arrangørperioda med definerte ansvarsområde. Vi ynskjer at Landskappleiken og Landsfestivalen skal halde fram som gode og viktige møteplassar, og vi vonar at både nye og tidlegare arrangørar ynskjer å ta på seg arrangementa i åra framover.

Kva må til?

Landskappleiken:

  • Tidspunkt: veke 26
  • Helst 3 arenaer i rett storleik i nær avstand til kvarandre (inntil 1 km i mellom)
  • Hovudarena med om lag denne kapasiteten: 1100 sitteplassar. Arena nummer 2 må ha plass til rundt 300 sitteplassar. Arena 3 kan vere mindre enn arena 2.
  • ca. 20-25 øvingsrom (skule i nærleiken av arena). I tillegg burde det vere 2-3 finstemmingsrom tilgjengeleg nær scena.
  • Overnattingstilbod i ulike prisklassar: gjerne hotell, camping, kappleikscamping, motell, privat innkvartering, skuleovernatting.

Landsfestivalen:

  • Tidspunkt: veke 31
  • Hovudarena med kapasitet til rundt 900 publikummarar. Det er positivt om arrangøren har tilgang til ein arena til, slik at nokon tevlingar kan føregå parallellt (som eit tiltak for å unngå seine finalar og tidlege morgonar). Arena nummer to kan vere mindre enn hovudarenaen.
  • Minimum seks øvingsrom og to finstemmingsrom.
  • Overnattingstilbod i ulike prisklassar: gjerne hotell, camping, festivalcamping, motell, privat innkvartering, skuleovernatting.

    Dette er malen for utforminga av hovudnemndene for både LK og LF (det er ikkje eit krav at hovudnemnda er satt når de sender inn søknaden): Oppbygnad av hovudnemnd

Søknaden må innehalde følgande punkt:

  • Informasjon om laget eller laga som står bak søknaden.
  • Bakgrunnen for søknaden.
  • Gjer greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom og bemannings- og dugnadskapasitet.
  • Det må leggast ved eit styrevedtak som er gjort i søkjarlaget/søkjarlaga angåande å søke om arrangementet, med underskrift av styreleiaren.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, kan bli prioriterte. Geografisk spreiing på dei ulike søkjarane vil også kunne spele ei rolle i tildelingane.

Søknadsfrist: 3. februar 2025.  
Vi oppmodar interesserte søkjarar til å ta kontakt med Sina Myhr – kappleiksrådgjevar  i FolkOrg, for meir informasjon: 
sina@folkorg.no, tlf 95 44 25 92  

Søknaden sendast på e-post til sina@folkorg.no 

 

Arrangementa dei kommande åra:

Landsfestivalen i gammaldansmusikk:
2025 – Oppdal. Lokal arrangør er Oppdal Spell- og dansarlag.
2026 – Vågå. Lokal arrangør er Vågå Trekkspelklubb.

Landskappleiken:
2025 – Eidfjord. Lokal arrangør er Hardanger spelemannslag.
2026 – Hovden. Lokal arrangør er Setesdal Spelemannslag.