FolkLeiarUng er no inne i sitt fjerde prosjektår. Det er med stor glede at no også folkedansarar kan søkje om å delta i prosjektet til hausten! Deltakarane får gjennom to helger i skuleåret inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og danseleiar/musikalsk leiar. Målet med prosjektet er å gje unge folkedansarar og folkemusikarar ein møteplass der dei kan få kunnskap om og utvikle seg som pedagog og leiar. Deltakarane melder seg på for eitt år om gongen.  

Søknadsfristen for prosjektåret 2024/2025 var 30.august.

Kva inneber FolkLeiarUng for deg som deltakar? 
Som deltakar i dette prosjektet vil du bli kjent med folkemusikarar og –dansarar frå alle kantar av landet. Du vil bli ein del av eit miljø for unge leiarar og pedagogar innan folkemusikk og folkedans, og ikkje minst får du oppfølging gjennom året av våre gode instruktørar. På samlingshelgene blir det vere fokus på fordjuping i eiga sjanger, formidling, erfaringsdeling, pedagogiske tips og triks, og samdans og samspel!  Nokon døme på tema som deltakarane får lære meir om: Korleis lære bort ein slått eller dans? Kva er viktig å ta omsyn til når ein skal planlegge øvingar? Korleis lærer ein bort til born som er nybyrjarar, kontra vaksne som har spelt eller dansa lenge? Korleis leier du ein gjeng som spelar/dansar heilt ulikt og med ulike forkunnskapar? Korleis skapar du som pedagog eit trygt og inspirerande miljø? 
Samlingane vil halde eit høgt nivå, der deltakarane får stor fridom til å utforske rolla som pedagog og leiar. Vi søker deltakarar som er nysgjerrige på å lære meir om rolla som leiar og pedagog, og som ønsker å ta med erfaringane frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spel- og danselag. 

Er du ikkje tilknytt eit særskild spelemannslag eller dansarlag? Kontakt FolkOrg, så hjelper vi deg med å finne eit nærliggande lag. 

Vi ønsker eit mangfald av instrument blant folkemusikkdeltakarane. Alt frå fele og hardingfele til toradar og trekkspel, langeleik, vokal, bass og gitar og så vidare. 

Kva inneber FolkLeiarUng for laga?  
Prosjektet er meint å vere eit bidrag til laga i form av å gi dei eldre ungdommane eit tilbod som kan auke motivasjonen til å halde fram med spelinga og dansinga i laga. Såleis er dette ein sjeldan sjanse for danse- og spelemannslag som ynskjer å gje dei eldste ungdommane sine eit inspirerande og utviklande tilbod. 

Instruktørane kjem til å vere i kontakt med både deltakarane og laga i forkant av og mellom samlingane. På den måten blir laga informerte om kva deltakarane har jobba med, og korleis dei best kan følgje opp medlemmane sine fram til neste samling.  

Deltakaravgift 
Laga betaler 500 kr per deltakar frå sitt lag. Summen gjeld for heile skuleåret og inkluderer to kurshelger med overnatting og mat for deltakarane, samt oppfølging av llaga og deltakarane mellom samlingane. Vi oppmodar også laga å dekke reiseutgifter til sine medlemmer.  

Søknad 
Deltakar som ynskjer å vere med fyller ut søknadsskjemaet nedst på denne sida. Søknaden gjeld for eit år om gongen og etterspør informasjon frå både deltakar og lag. Prosjektet har eit maksantal på 14 deltakarar på musikk, og 14 deltakarar på dans. Søkarane vil få svar i laupet av september. 
Deltakarar som har vore med på FolkLeiarUng tidlegare, får berre plass om det er ledige plassar på prosjektet.

Søknadsfrist: 30. august.
Samlingshelgene blir 22. - 24. november i Oslo, og 4. - 6. april (stad er ikkje bestemt).

Samarbeid Noreg Ungdomslag
Vi er glade for at Noregs Ungdomslag er med som samarbeidspartnar på folkedans i prosjektet. Både FolkOrg og NU jobbar for å styrke og formidle folkedansen sin plass i samfunnet, og vonar dette prosjektet vil løfte fram unge folkedansspirer som vil utvikle seg som dansepedagog og -instruktør.

 

Har du spørsmål om prosjektet og søking? Ta kontakt med Live Visdal:
live@folkorg.no / tlf. 97415515.

Prosjektet er finansiert av stønadsmidlar frå Dextra Musica. 

 


Sitat frå tidlegare deltakarar

«Jeg har lært masse nytt om det å være musikalsk leder, og også blitt inspirert av Kristoffer og Vegard; to formidable ledere!» 

«Det er et spennende kurs, med flinke lærere som ser alle deltakere og tilpasser opplegget til hver enkelt person, både under samlinger og utenfor» 

«Jeg ville absolutt anbefalt å være med i prosjektet! For det første vokser man mye, ikke bare som leder men man får også et nytt innblikk i «folkemusikkverdenen». I tillegg møter man masse fine mennesker, og ikke minst to fantastisk dyktige, inspirerende instruktører. Kurset legger også til rette for at alle skal kunne være med uavhengig av forkunnskaper, og jeg har opplevd det som svært inkluderende og trygt» 

«Det er veldig lærerikt, og man blir kjent med andre personer på din egen alder som brenner for samme sjanger og interesse. Det er helt fantastisk!»

«Jeg hadde trodd det skulle være mye mer «formelt» og «ordentlig». I stedet ble vi møtt med uhøytidelighet og moro samtidig som vi fikk lære utrolig mye!»  

«… Hadde det ikke vært for FolkLeiarUng prosjektet hadde jeg mest sannsynlig ikke vurdert en studieretning innenfor folkemusikk, eller musikk generelt» 

«Jeg fikk økt innsikt i rollen, og har lært mye som kan brukes både i en musikalsk setting, så vel som ellers i livet» 

 


Presentasjon av instruktørane 
Ny folkedansinstruktør - Ina Maria Solberg Cyrus


 Ny folkedansinstruktør - Anna Gjendem 
(foto: Kristin Støylen - Viti)                            

Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland har vore med på prosjektet sidan oppstarten i 2021

 

Ina Maria Solberg Cyrus

Ina har hjartet i folkedansen, og har vore instruktør i mange ulike samanhengar. Ho har mykje erfaring frå instruksjon både for born, ungdom og vaksne, og har vore instruktør både for større og mindre lokallag etter kor i landet ho har budd, for ulike Bygda Dansar-prosjekt og festivalar. Og sjølv om det begynner å bli nokre år sidan, har ho også delteke i ei rekke sceniske danseprosjekt. No er ho busett i Sandnes og er medlem i BUL Stavanger. 

Anna Gjendem
Anna Gjendem, har utdanning innan folkemusikk og folkedans. Ho jobbar som utøvande dansar og hjå Folkemusikkarkivet i Viti. Anna underviser born og unge i folkedans gjennom kulturskulen og er mykje nytta som instruktør i ungdomslaga og i skulane. Ho er genuint oppteken av dansetradisjonane våre, og jobbar aktivt for å formidle desse. 

Vegar Vårdal 
Vegar er ein allsidig folkemusikar og folkedansar med lang fartstid som både utøvar, komponist og pedagog. Han spelar fele og hardingfele, bur i Vågå og har heile Norge og verden som arbeidsplass. I 2020 fekk han Hilmarprisen og vart også kåra til Årets Folkemusikar. Han var leiar for Vågå Spelmannslag i åra 2014-2017, og har leia fleire rekrutteringsprosjekt for Noregs Ungdomslag og FolkOrg. Vegar brenn for mangfald i det norske folkemusikkmiljøet.  

 

Kristoffer Kleiveland 
Kristoffer spelar toradar og er ein ettertrakta musikar og pedagog. Han kan vise til heile fem sigrar i durspel senior på landskappleik og landsfestival, og har teke master i utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet. Kristoffer bur på Osterøy kor han mellom anna er leiar for Osterøybelgen og jobbar aktivt med rekrutteringsarbeid gjennom kulturskulen og OsterFolk. Kristoffer brenn for eit inkluderande og aktivt folkemusikkmiljø for folk i alle aldrar. 

 
 
SØKNADSSKJEMAET ER NO STENGD.