Instrumentet me til kvardags kallar piano heitte før pianoforte. I motsetnad til andre typar klaver, altså instrument med tangentar, gjekk det nemleg an å spela nyansert på volumskalaen mellom sterkt og svakt, berre ved å justera den fysiske krafta i det fingeren treff tangenten (dette går ikkje an på orgel eller cembalo). I tillegg har det moderne pianoet eit stort dynamisk omfang, med sine vanlegvis 88 tangentar. Store deler av musikken for dette instrumentet, anten det er «klassisk», «jazz» eller annan musikk, er difor laga med sikte på å utnytta det enorme dynamiske potensialet det inviterer til.

Komponisten Edvard Grieg var sjølv ein framifrå pianist, og når han komponerte for instrumentet visste han svært godt kva som budde i det. Også når han nytta hardingfeleslåttar som utgangspunkt, bygde han dei ut slik at dei framstod som grandiose verk i tråd med (nasjonal)romantikkens estetiske ideal.

Å nytta folkemusikk som råstoff for komposisjonar innan ulike kunstmusikalske stilartar har sidan vorte eit utbreidd fenomen. Og folkemusikkjennarane har ofte påpeikt at dette er noko heilt anna enn den «ekte» folkemusikken.

Ingfrid Breie Nyhus - Slåttepiano
Ingfrid Breie Nyhus: Slåttepiano
  • LabLabel, 2015
  • 17 spor, 45 minutt
  • Produsent: Ingfrid Breie Nyhus

I vår tid, når det – rett som det er – vert nytta piano i samspel med til dømes felespelarar og kvedarar, nyttar gjerne pianisten element frå jazz eller pop i arrangementa. Sjølv om melodiføringa er utført meir eller mindre tradisjonelt, er pianospelet stilistisk sett likevel eit tilført element.

Difor er det spanande når den klassisk skolerte pianisten Ingfrid Breie Nyhus – som vaks opp i eit sterkt folkemusikkmiljø – går laus på dei same slåttane Grieg hadde som utgangspunkt for sitt opus 72, der Knut Dahle var kjelde.

Ei mogleg løysing kunne ha vore å laga andre, men meir tidstypiske grandiose arrangement. Ein kunne òg ha spelt dei på nøkternt vis, slik notasjonen i til dømes Hardingfeleverket inviterer til. Men Nyhus vel ingen av desse ytterpunkta: Ho unngår konsekvent det dramatiske og storslagne. Her er ingen fancy arrangement som minner om kompleks samtidsmusikk eller virtuos jazzimprovisasjon. Det let heller ikkje som når slåttenotasjon vert skrive inn eit digitalt noteskrivingsprogram og spelt av elektronisk. Og når det gjeld rytmikk og ornamentering prøver ho heller ikkje å spela slik felespelarar vanlegvis gjer det.

Hvis ein skal plassera dette stilistisk, må det vera innan ein slags minimalisme, men ikkje maskinprega minimalisme slik Steve Reich, Philip Glass og Terry Riley er kjende for. Morton Feldmans stillferdige stil er ein nærare referanse, men rytmikken her er langt meir aktiv.

Det er med andre ord vanskeleg å skildra dette spelet – og det er meint som eit stort kompliment. Med eit trippelt tradisjonstungt materiale som utgangspunkt – folkemusikkversjonen, Grieg-versjonen og folkjazztradisjonen (pioneren Jan Johansson må ikkje gløymast!) – har ho makta å laga sin heilt egen versjon. Spelet hennar liknar ikkje på noko anna, bortsett frå i spreidde element som får oss til å tenka på annan musikk me har høyrt.

Nyhus nyttar få fingrar samstundes, og slik sett ligg ho nær felespel og langt frå Grieg. Rytmiseringa og ornamentinga hennar er personleg, og ho har ikkje freista å overføra hardingfelespel til eit anna instrument. Slik sett ligg ho langt frå folkemusikalsk tilnærming, og nærare kunstmusikken – inkludert den moderne jazzen. Vanlegvis held ho seg midt på klaviaturet; men nokre slåttar er haldne i eit lyst register, andre i det mørke.

I det heile er dette eit meisterleg balansert prosjekt: Slåttepiano balanserer ulike stilartar, og Nyhus utforskar og nyttar heile registeret til det dynamiske monsterinstrumentet som eingong bar namnet pianoforte.