Harald Omnes – ein lagsarbeidar!
Harald Omnes har vore medlem i Nes Nasjonale Danssarring sidan slutten av 1980-talet, og har sidan den gong hatt ulike verv i laget og vore ei sentral drivkraft gjennom mange år. Han er hjelpsom, omgjengelig og inkluderande og har eit stort engasjement for folkemusikken og folkedansen i Sauherad og Telemark. Harald har lagt ned mykje arbeid og mange dugnadstimar for laget, både innan lagsøvingar, rekruttering, arrangement og tilstelningar. Han har òg vore med å organisere turar for laget i inn- og utland.
Harald har vore viktig for rekruttering av nye medlem og barn og unge til Nes Nasjonale Dansarring, og har engasjert seg mykje i arbeidet med barne og ungdomsgruppa i laget. Han har tatt initiativ til fleire kurs innan folkedans, og har også teke initiativ til eit nytt prosjekt for folkedans for barn med minoritetsbakgrunn – eit prosjekt som har stønad frå FolkOrg si Dextra-ordning.
I 2021 vart endelig det gamle forsamlings- og lagshuset Sjodar flutt frå Nordagutu til Evju Bygdetun i Sauherad etter mange år med planlegging og arbeid. Her var Harald ein av fleire pådrivarar.
I tredje episode av AdventFolk får Harald prisen utdelt av styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.
Harald Omnes får årets Eldsjel-pris for sitt store engasjement og for det uverderlege arbeidet han har lagt ned i Nes Nesjonale Dansarring og for folkemusikk- og folkedansmiljøet i Aust-Telemark i ei årrekkje.
FolkOrgs eldsjelpris
I Noreg har vi svært mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet, og no ønskjer vi å heidre ein av alle desse som legg ned store mengder frivilljugt arbeid i løpet av året. FolkOrg deler difor ut prisen Årets eldsjel, til ros og påskjøning.
Med denne prisen ønskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom året som har gått. FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar.
Vi har fått inn mange nominasjonar og det er tydelig å sjå at det er mange eldsjeler der ute, og mange som fortener heider for engasjementet sitt.
Dei nominerte til prisen i 2021 har vore
Frode Rolandsgard
Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr.
VI GRATULERER HARALD SOM ÅRETS ELDSJEL!
HER KAN DU SJÅ TREDJE EPISODE AV ADENTFOLK – LENKE TIL PROGRAMMET
Fra venstre Camilla Granlien, Harald Omnes, Hilde Reitan