Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nytt

Minnepris til Andrea Antun Mikkelsen

På Vestlandskappleiken i helga blei Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris delt ut. Prisen gjekk til ein ung hardingfelespelar frå Osterøy.

Folksamt på bokslepp

Ei praktbok fortener eit godt bokslepp. Det kunne knapt blitt betre då FolkOrgs jubileumsbok var lansert for ei talrik forsamling tilhøyrarar i Grieghallen.

Meiningar om jubileumshelga

Korleis var jubileumskonserten, og kva er reaksjonane på den ferske og annleis jubileumsboka? Vi spurte eit knippe av dei som hadde teke turen til jubileumshelga.

Storslått jubileumsfeiring

Med nærmare tusen til stades og H.K.H. Dronning Sonja som celeber gjest, vart det ei storslått feiring av hundreårsjubileet til FolkOrg i Grieghallen.

Statsbudsjettet 2024: Glede over folkedansstudium, men ...

Verken Landskappleiken, Landsfestivalen eller satsing på immateriell kulturarv i Setesdal er prioritert, påpeikar dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Opsahl Brimi, i ein kommentar til budsjettforslaget.

Vil starte hardingfeletilbod i Trøndelag - treng feler

I Spelemannslaget Laust & fast, med lærar Sturla Eide i spissen, er det mange ivrige felespelarar som har fått augo opp for hardingfele. No er dei på jakt etter instrument.

Bolstadprisen til Hannah Moira Midtbø-Bruner

Prisvinnaren er aktiv både i BUL Ervingen i Bergen og i Osterøy Spel og Dansarlag, som gjekk heilt til topps i lagspel på Landskappleiken i sommar.

Festival mellom fagre fjell

Knut Buen har spelt på dei store scenene og vore med på mange fjernsynsprogram i beste sendetid. Men han er ikkje for stor til å reise langt for å halde kurs og spele konsert i små grendehus i distrik...

Lokalkappleik på Løkka

Siste helga i september blei Oslokappleiken arrangert, for første gong sidan 2015 utanom Folkelarm. Det gjekk bra, det.

Prisdryss i Trondheim

Under representantskapsmøtet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) før helga, blei det delt ut fleire prisar. Grunna Sffs 50-årsmarkering valde styret å dele ut to fagpublikasjonsprisar ...

Europa fylt med folkemusikk

Nest siste laurdagen i september blir European Folk Day arrangert for første gong. Du kan vere med og markere dagen.

Bachelorstudium i folkedans på Rauland

Frå hausten 2024 skal Universitetet i Søraust-Noreg (USN) campus Rauland tilby eit bachelorstudium i folkedans for inntil ti studentar. Det er takka vere eit samla folkedansfelt at det endeleg er på p...

NRK har fått sin første folkemusikkanmeldar

Are August Flannagan Furubotn blei i vår den første anmeldaren i NRK som skal jobbe utelukkande med folkemusikk. Om lag ein gong i månaden vil han dukke opp på fleire plattformar i statskanalen.

Inviterer til jubileumsseminar

Laurdag 16. september arrangerer Norsk senter for folkemusikk og folkedans eit jubileumsseminar for å feire 50 år som arkiv.

Hemmelegheitskremmarar med internettfenomen

Instagram-kontoen «People dancing to folkemusikk» når ut til tusenvis av brukarar med sine små snuttar. Målet er at folk skal bli hekta på folkemusikk.

Columbi Egg på flyttefot

Folkemusikklubben Columbi Egg går inn i sin 50. sesong i haust og flyttar samstundes frå Augustin hotel til Litteraturhuset i Bergen.

Mange dialektar, for få unge

Nivået blant dei beste er svært høgt, fastslår dommar Jo Asgeir Lie, som samtidig konstaterer at det er store forskjellar. Likevel heiar han også på dei som kjem i nedste del av resultatlista.

Glad for fleire «stemmer» i gammaldansmusikken

Då Madam Jam med litt uvanleg uttrykk kom til finalen i prestisjeklassa gruppespel, skapte det diskusjon om dette var rett musikk på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Døler til topps, men sterkt av heimelaga

Lom spelmannslag toppa lagspel fele/hardingfele følgt av Sør-Fron spelmannslag. Men på tredjeplass kom Gaular spelemannslag som ei lita overrasking.

Pluss, pluss for Landsfestivalen

– Vi går i overskot på Landsfestivalen, fastslår festivalsjef Leon Årdal. Kor mykje Indre Sunnfjord spelemannslag sit att med, er for tidleg å seie noko om.

Nokre område slit med dansen

Mykje god dans – men dansarar frå feledistrikt glimra med sitt fråvær. Det var også få deltakarar frå fleire sterke tradisjonsområde innan hardingfele under Landskappleiken i Lom.

Tilbake på toppen

Per Anders Buen Garnås er tilbake på toppen igjen og tok sitt andre napp i vandrepremien i spel hardingfele klasse A. Dette i ei stor klasse som var prega av skyhøgt nivå og strålande spel av mange.

Til topps på heimebane

Fjorårets kongepokalvinnar, Astrid Sulheim, takla presset og gjekk til topps i ei uvanleg stor og god fele klasse A på heimebane i Lom.

Baud opp til politisk dans

Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum inviterte seg sjølv til Landskappleiken og baud opp til musikkpolitisk dans med FolkOrg-leiar Hilde Reitan.

Død spelemann vekt til live

Landskappleiken 2023: Det vart ein festkveld av rang da arrangøren stelte i stand konsertframsyning til ære og minne om legendariske Fel-Jakup (1821–1876). Det vart tonegjerd i beste forstand.

Tre brør kjempar om det aller gjævaste

Tre brør Kjorstad frå Sør-Fron er å finne blant ei rekordstor klasse som laurdag skal tevle om å vinne fele klasse A på Landskappleiken i Lom.

Nesten pallreprise i rik B-klasse

Landskappleiken 2023: Klassa var dobbelt så stor, men på topp 3 vart det nesten som i fjor. Alle dei tre beste i Fele klasse B er klare for den gjævaste A-klassa neste år.

Kvalitet, kvantitet og mangfald

Landskappleiken 2023: Folkesongen står sterkt og fjellstøtt med høg kvalitet, kvantitet og ikkje minst eit mangfald av spennande uttrykk.

Kjeltringane lurte alle

Landskappleiken 2023: Kvedartrioen med det dristige artistnamnet Rakkarpakk – «kjeltringpakk», står det i ordboka – lurte alle og gjekk heilt til topps i Open klasse i Lom.

Tilbake til gammalt påmeldingsnivå på Landskappleiken

468 startnummer er klare for Landskappleiken. Det vil seie at nivået er tilbake til dei beste åra før koronapandemien. To som syter for at det er mange startnummer på kappleiken er søstrene Synne og H...

Unge orkester og kor får låne folkemusikarar

Fleire folkemusikarar har så langt i år blitt lånte ut til unge orkester og kor gjennom ordninga «Lån ein folkemusikar». Organisasjonane bak prosjektet håpar tiltaket vil generere ny aktivitet og knyt...

Fortsette etter nærmare ettertanke

Hilde Reitan hadde tenkt å takke for seg som leiar på jubileumslandsmøtet i FolkOrg. Men så ombestemte ho seg og fortset i to år til, etter nærmare ettertanke og ytre påverknad.

Samling om yrkesutøvarane

Landsmøtet i FolkOrg samla seg om felles formuleringar i arbeidet for yrkesutøvarane i organisasjonen.

Uendra vilkår for lokale arrangørar

Landsmøtet i FolkOrg sende saka om leigesum for Landskappleiken og Landsfestivalen tilbake til styret med pålegg om å legge fram revidert sak på landsmøtet i 2025. Dermed blir det endring i vilkåra fo...

Søkjer kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris

Sidan 2006 har Egil Storbekkens musikkpris blitt delt ut. No vil priskomiteen ha inn forslag til kven som skal få den i år.

Spellemann til debutplate med viddeblues

Gabba si munnharpe i bronse er om lag ei veke gammal, og er eit synleg prov på at det var dei som vann Spellemann i klassa for tradisjonsmusikk i år. Men sjølv om det var debutplata deira som blei hei...

Foreslår auka satsing på yrkesutøvarar

FolkOrg bør satse meir på å støtte opp om den profesjonelle folkemusikken, meiner eit knippe yrkesutøvarar i organisasjonen.

25 millionar i overskot på 36 år

Gode økonomiske resultat: I løpet av 36 år har Landslaget for spelemenn/FolkOrg og lokale arrangørar fått over 25 millionar kroner i inntekter frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk...

Nye folkemusikk-tilbod i NRK

NRK satsar på folkemusikk gjennom ulike program i fleire kanalar, også med nokre nye tilbod.

Stor jubileumsopning

Gjester, publikum elles, utøvarar og arrangørar var strålande fornøgde då 100-årsjubileet for FolkOrg vart offisielt opna av kulturministeren.

Eit draumkvad er så mangt

Draumkvedet er tradisjonelt kjent frå Telemark og Steinerskole-miljø, men er blitt stadig meir populært. Visjonsdiktet om synene Olav opplever mellom julaftan og trettandedagen, får stadig nye tolkara...

Nye plateutgivingar del 2: solo

Hausten er tid det kjem mykje ny musikk, og dei siste månadene er mange gode utgivingar i folkemusikklandskapet utkomne. Her presenterer vi eit utval plater med solospel eller ein bandleiar i front.

Nye plateutgivingar del 1: gruppespel

Hausten er ei tid det kjem mykje ny musikk, og dei siste månadene er mange gode utgivingar i folkemusikklandskapet komne ut. I ein artikkelserie i desember omtaler Folkemusikk eit utval av desse.

Folkemusikalsk heider og ære på ein torsdag

Utdelinga av Folkelarmprisen har flytta litt rundt på Folkelarm-dagane, men i år som i fjor opna Folkelarm med utdelinga. Folkemusikk- og Folkedans-Noreg stilte sterkt opp på Riksscenen torsdagen for ...

Folkemusikk i fleire kanalar

NRK har fått ny folkemusikkgeneral. Stillingsprosenten er halvert, men John Ole Morken får likevel ein monaleg meir variert arbeidsdag enn forgjengaren.

Ny stilling som folkemusikkjournalist

Folkemusikktimen skal ha ny programsjef, i fast halv stilling. Norsk folkemusikk er en prioritert sjanger i NRK, lover utlysingsteksten.

Snudde på flisa og tok to gull

Han skulle bli snikkar, men tonane ga ikkje slepp. Da snudde Steinar Odde på flisa og satsa for fullt på musikken. Første helga i august tok han to gull på Landsfestivalen i Vågå.

Myllarguten og alle hjelparane hans

Vennskapet med Ole Bull, hjelparane, samfunnet rundt og sjølvsagt musikken er sentrale tema i den ferske biografien Annfrid Berget Haukeland har skrive om Myllarguten.

Landet samla til kappleik att

I juni kunne FolkOrg og lokallag igjen arrangere landskappleik, tre år etter førre gong. Som vanleg var det lokalavisene i dei ulike folkemusikk- og dansedistrikta som var mest aktivt til stades og ra...

Folkemusikkens og folkedansens dag 16. juni

Denne veka, på torsdag 16. juni, blir folkemusikkens og folkedansens dag markert rundt om i heile landet. Markeringa er ein del av Frivilligåret 2022.

Plateartist i 20 år

I 2001 drog den då 21 år gamle Per Anders Buen Garnås til Hardanger og Lofthus kyrkje med feler, ein teknikar og ein produsent og gjorde opptaka til det som skulle bli debutplata hans Åleine. Men dei ...

B-klassingane sitt år på Landskappleiken

Om ikkje lenge brakar det laus med Landskappleiken på Rjukan, ein kappleik som av naturlege årsaker har blitt utsett fleire år. Påmeldinga er lågare enn dei siste kappleikane som har blitt arrangert, ...

Kurssommar på trappene

Sommaren er høgtid for festivalar, konsertar og ikkje minst kurs for store og små. Rundt om i landet finst det mange ulike kurs i folkemusikk og folkedans for barn og unge. Påmeldingsfristen til fleir...

Med norske folkesongar på Roskilde

Saman med bandet sitt Viik skal vokalist Elisabeth Vik få spele på ein av Europas største festivalar i sommar.

Ny runde med Introfolk

FolkOrg og Gramo inviterer igjen solistar under 30 år til å melde seg som Introfolk-deltakarar.

Nyskaping på gamle tufter

Frå eit gammalt hus i Vågå sjonglerer Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Kåre Odde musikkprosjekt, kontorjobbing, oppussing, plateutgjevingar og arbeidet med eit nystarta aksjeselskap. Gudbrandsdalen er ...

Sigrid Stubsveen tilsett i ny folkedans-stilling

I juni startar Sigrid Stubsveen opp som prosjektleiar for Folkedans Innlandet.

Frå Finnesloftet og ut i verda

I vår har bassist Signe Førre frå Voss turnert rundt i landet med konserten Fagert i Finnesloftet. Sjølv om både hennar og musikkens historie startar på Voss, tek musikarane fleire krumspring rundt i ...

Sølvi Lien ny Førde-direktør

I september i år tek Sølvi Lien over som direktør og kunstnarleg leiar i Førdefestivalen. Ho kjem frå stillinga som arrangementssjef i den same festivalen, ein jobb ho har hatt sidan 2006.

Ny Spellemann til Marja Mortensson

Då Spellemann 2021 blei delt ut fredag 22. april, var det Marja Mortensson som trekte det lengste strået i kategorien Tradisjonsmusikk. Dette er andre gong ho vinn Spellemann.

Kulturell smie skal få fleire fram på scenene

Diwan, ein nyoppstarta litteratur- og kunsthub, skal synleggjere det som skjer i det midtaustlege miljøet her til lands. Poesi, musikk og dans går hand i hand på arrangementa deira.

Folkemusikalsk fagdag i Prestfoss

Fagdagen «Framtidas folkemusikk» blir arrangert på Folkemusikksenteret i Buskerud første helga i april.

Kongens fortenestmedalje til Tor Stallvik

Folkedansinstruktøren fylte åtti i fjor, og har mange heidersutmerkingar frå miljøet frå før.

Setesdalsspel og trønderske trampetankar

Ved å fordjupe seg i setesdalstradisjonen, har felespelar Sturla Eide stilt seg mange spørsmål rundt tramping og trampedidaktikk i folkemusikkopplæringa.

Samlingshelg med unge folkemusikkforskarar

Siste helga i mars samlast master- og doktorgradsstipendiatar frå heile landet for å ha det dei sjølv kallar «nerdehelg» i Oslo.

Solid støtte til europeisk samarbeid på Rauland

Folkemusikkstudiet på Rauland er no vertskap for eit stort internasjonalt utdanningsprosjekt som har fått millionstøtte av Erasmus+ og EU.

Bok om kreativ felemakar

Første hovudinstrumentet til Lars-Ingar Meyer Fjeld var ei hardingfele laga av Olav Venås. No har telespelemannen med vestfoldsrøter lansert bok om «Bygdegeniet frå Gransherad».

Folkemusikkprat rett i øyret

Dei siste åra har det dukka opp stadig fleire podkastar som handlar om folkemusikk og folkedans. No er dei fleste i gang med ny sesong.

Snart frist for å søkje om Folkelarm-speling

I november blir det nytt bransjetreff i Oslo for alle folkemusikkinteresserte. Fristen for å søkje om showcase-konsertar på Folkelarm går ut 1. mars.

Dataspel med norske tonar

I det nye dataspelet Total War: Warhammer III, er norske folkemusikkinstrument godt representerte. Bukkehorn, fløyter, hardingfele og mykje anna er med på å gje den eine avdelinga i spelet eit eige pr...

Song og dans i Trysil-barnehagane

I Trysil får barnehagane i kommunen no eit godt verktøy som skal gjere det lettare for dei å jobbe med lokale songar og dansar saman med dei små. Trysil-Knut dans- og spelmannslag har nemleg gitt ut e...

Variert tradisjonsmusikk-kategori på Spellemann

I dag blei dei nominerte til Spellemann 2021 presentert. I klassa for tradisjonsmusikk finn me to musikarar som solodebuterte i fjor, i tillegg til samspel mellom to og samspel mellom ein trio og eit ...

Kappleiksvåren 2022 - med gjennomføringar og avlysingar

Kappleikssesongen er igang, og sjølv om det framleis er ein del som blir avlyst, er det likevel fleire moglegheiter for dei som ønsker seg god, gammaldags kappleiksstemning fleire stader i landet.

FolkOrg støttar bransjekollegaer i protest

FolkOrg er ein av mange kulturorganisasjonar som deltek i protestmarkeringa mot eit koronastengt kulturliv. Onsdag 19. januar møter dei opp på Eidsvolls plass utanfor Stortinget under parolen «Strenge...

Langeleikundervising for alle

Før jul blei 20 små langeleikvideoar frå Valdres lanserte. Målet er at dei skal vere eit optimistisk supplement til kursverksemd og anna undervising, både for dei erfarne og dei ferske på instrumentet...

Hilde Bjørkum ny heidersmedlem i FolkOrg

Under den siste sendinga av AdventFolk, fjerde søndag i advent, blei Hilde Bjørkum tildelt heidersmedlemskap i FolkOrg etter ein årelang innsats for folkemusikken.

Arbeidet etter #metoo held fram

FolkOrg har det siste året arbeidd med tiltak for å førebygge seksuell trakassering i miljøet, og er no blitt tildelt Balansemerket. Samstundes er resultata frå spørjeundersøkinga om temaet klare.

Songkrafta

Gjermund Kolltveit har gitt ut ei bok om korleis song har blitt og blir brukt som våpen. Arbeidersongar, song på fotballtribunene og salmesong i kyrkjelyden er noko av det han tek føre seg. Men også d...

Bærum spellemannslag er årets lokallag 2021

I år er det Bærum spellemannslag som får prisen som årets lokallag i FolkOrg. Prisutdelinga blei offentleggjort under AdventFolk-sendinga tredje søndag i advent.

Harald Omnes er årets eldsjel 2021

Under den tredje adventssendinga til FolkOrg blei det søndag kveld klart at det var Harald Omnes som stakk av med den første eldsjelprisen organisasjonen delte ut.

Jolekalendrar for folkemusikk-interesserte

Me er allereie godt inni desember. På sosiale medium putrar det med jolekalendrar, og for den folkemusikkinteresserte er det litt av kvart ein kan følgje med på. Her er eit utval – tips Folkemusikk-re...

Folkemusikalsk advent med FolkOrg

Kvar søndag i advent går eit nytt program frå FolkOrg på lufta. I programserien AdventFolk får sjåarane med seg stort og smått frå rundt om i landet, samt intervju og livemusikk innspelt ved landslina...

Moderne dansefilm frå Noregs ungdomslag

Med nykomponert musikk der fele og hardingfele blir blanda med programmering og rap, har Noregs Ungdomslag (NU) lansert ein ny dansefilm. Filmen er ein del av 125-årsfeiringa til organisasjonen.

Livet i fugleperspektiv

Å motta Kongens fortenstmedalje har ført til at Leiv Solberg har teke seg mange lange jaktturar og tenkt over kva han har halde på med heile yrkeslivet.

Vinnarane av Folkelarm-prisane er kåra

Britt Pernille Frøholm, Kjellbjørn Karsrud, Tufskrøkjun og Ævestaden er vinnarar av Folkelarm-prisane 2021, medan Marja Mortensson er Årets folkemusikar.

Slåttekomponist ute med notesamling

I snart 30 år har hardingfelespelaren Even Tråen komponert slåttar. Mange av dei er i bruk i Numedal i dag, og no tel han godt over 100 komposisjonar. 43 av dei er med i den første notesamlinga han no...

Tuva Syvertsen tildelt Hilmarprisen 2021

I helga blei Hilmarfestivalen arrangert, og på laurdagskvelden vanka det heider og ære til prismottakaren av Hilmar Alexandersens musikkpris.

Desse kan vinne folkelarmprisar

Folkelarm-prisane blir i slutten av november delt ut til vinnarar i fire ulike kategoriar. No er nominasjonane offentleggjort.

Ny medarbeidar i Folkemusikk

Folkemusikk har i haust utvida redaksjonen. Målet med større redaksjon er blant anna å skrive meir om kva som rører seg i grasrota i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Trøndersk folkemusikksatsing

Plateselskapet Øra fonogram har gitt ut fleire folkemusikkplater i si 17 år lange historie. Nå er det Ingrid Storlimo som er aktuell.

Moxnes’ minnepris til Ingrid Sofie Midtbø-Bruner

På Vestlandskappleiken i Granvin i helga blei Audhild Flaktveit Moxnes’ minnepris delt ut for femtande gong. Prisen gjekk til Osterøy for andre år på rad – til søstera til ho som vann i fjor.

Tal og fakta skal på bordet

Tre store organisasjonar på folkemusikk- og folkedansfeltet har gått saman for å setje trakassering og anna uønskt åtferd på dagsorden. Dei er ute med ei spørjeundersøking, som dei håper at flest mogl...

Heider og ære på Trøndelagskappleiken

På Trøndelagskappleiken var scena og dansegolva fylt opp med glade deltakarar frå fjern og nær. Nye æresmedlemmer og vinnar av folkemusikkpris blei òg gjort stas på.

Frå Granvin med danseslåttar

Arne Draugsvoll er utnemnd til ny æresmedlem i Kvinnherad folkemusikklag.

Danseforsking og danseopplæring belønna med pris

For storverket sitt om hovudstadsdansen tok Dag Vårdal i år imot fagpublikasjonsprisen frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Eit ektepar frå Stryn fekk òg pris.

Svenske legender feirar 30-årsjubileum i Noreg

Dei har levert på album og på scener rundt om i verda i tretti år, men jubileumsplata gir dei ut her til lands. Fredag 24. september spelar Hoven Droven på Riksscenen i Oslo.

Digitale inspirasjonskurs

Møre og Romsdal folkemusikklag skal i haust arrangere fire ulike inspirasjonskurs. Dei vil gjerne inspirere folkemusikk-interesserte også utanfor lagets område.

Nye tonar i bukkehornets rike

Tre dagar og tre konsertar med eit stadig større orkester var fasit då Karl Seglem og Eli Storbekken inviterte til Tolgabukk-festivalen i august.

Samla på skillingsviseseminar

Første helga i september var rundt 25 personar samla på Gjøvik for å lære skillingsviser i regi av Norsk kvedarforum. For dei frammøtte blei det både mordviser og skafottviser om dødsdømte, samt noko ...

Søkjer unge hardingfele-kandidatar til minnepris

Styret i Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris bed publikum sende inn forslag til potensielle mottakarar av prisen i år.